Fryktar ikkje konkurransen

- Både Firda Seafood og vi i Slakteriet har kapasitet nok til å handtere all slaktefisk i fylket, seier Ole Eilertsen i Slakteriet AS i Florø, til Firdaposten.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Fredag 5. april opna Firda Seafoods sitt nye slakte – og pakkeanlegg på Byrknesøy. Det har vore i prøvedrift sidan februar, men fredag opna ordførarane i Hyllestad og Gulen anlegget offisielt. Slaktekapasitetetn er dobla i høve til det gamle som handterte opp mot 17.000 tonn laks i året.

Dagleg leiar Ola Braanaas understreka under opninga at dei i løpet av nokon år reknar med å få fylt opp slaktekapasiteten på over 30 000 tonn, skriv Firdaposten på nett.

Vi spør Ole Eilertsen i Slakteriet AS om korleis han ser på å få Ola Braanaas og Firda Seafood-systemet som ein sterkare konkurrent.

- Eg har ikkje lege somnlaus ei einaste natt av å ha Firda Seafood som konkurrent. Ola Braanaas som eineaksjonær har så sterke økonomiske musklar i systemet sitt at han kunne utkonkurrert oss for lenge sidan, viss det hadde vore eit mål for han.Våre største konkurrentar ligg i Hordaland. Slakteriet er ei bedrift som er eigd av fleire tilsette og som konkurrerer om fisken som ikkje er knytt til konsern. Vi overlever i kraft av å levere gode tenester til kundane og vere konkurransdyktige, seier Eilertsen, til lokalavisa.