Dagleg leiar Håkon Tombre i Tombre Fiskeanlegg. Foto: Therese Soltveit.

- Gjelleproblem og PD påverkar resultatet

Tombre Fiskeanlegg klarer ikkje å gjenta suksessen frå 2016, og går betydelig ned i resultat i 2017. 

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Tombre Fiskeanlegg AS driver settefisk- og matfiskproduksjon innan havbruksnæringa. Selskapet har 3 løyver for matfiskproduksjon og eit løyve for settefiskproduksjon, og er del av konsern med dotterselskapa Fjord Drift AS, Drageid Laks AS og Quatro Laks AS.

Selskapet hadde for 2017 eit overskot etter skatt på 56, 9 millioner kroner, men både omsetninga og driftsresultatet gjekk betydeleg ned frå året før. Omsetninga falt med 80,3 millionar kroner, og gjekk frå 258,9 millionar i 2016 til 178,6 millionar i 2017. Driftsresultatet endte på 44 millionar i 2017, sett mot 95 millioner i 2016, som er ein nedgong på 51 millionar kroner. 

Gjelleproblemar og PD

Dagleg leiar Håkon Tombre i Tombre Fiskeanlegg som høyrer til i Eikelandsosen i Hordaland seier til Kyst.no at 2017 var eit ok år, tross nedgang i produksjonen.

- Me hadde  gjelleproblem høsten 2016  med påfølgande PD våren 2017 på kystlokalitar. Dette er noko som påverkar resultatet negativt. I tillegg har me ein ubalanse i produksjonen mellom partall og oddetalsår pga. hvilket område og utsettsmønster lokaliteter tilhøyrer. Dette gjer at me har bedre utnyttelsesgrad i partalsår.

Selskapet gjekk ein del ned både i omsetning og driftsresultat. Tombre forklarar nedgangen slik:

- Lågare omsetning skyldes litt lågare produksjon og mindre slakt. Prosentandelen overlevande fisk i sjø fra utsett til slakt endte på 92 % mot 93 % i 2016. Prisen var og litt lågare i 2017 samanlikna med 2016.  I partalsår er det mindre utsett av (haust)fisk. Dette påverkar produksjonen i 2017. Det er og ei auke i kostnadane. Noko av dette er spesielt for 2017, men me ser at kostnadane for å handtere lus aukar for kvart år.

Les meir om det gode 2016-resultatet til selskapet her. 

Tross det dårlege resultatet, meiner Tombre det var fleire positive ting å ta med seg frå 2017.

- Me lukkast langt på veg med å halde lave lusetal, spessielt i sommarhalvåret. Snitt kj.holus alle lokaliteteter i 2017 var på 0,08%.

Han skryt og av samarbeidspartnarane til selskapet.

- Me har lukkast veldig godt med sammarbeid med Lingalaks og Eide Fjordbruk med investering i eget behandlingsutstyr mot lakselus. I tillegg har me auka bemanning slik at organisasjonen er blitt meir robust, forklarar han.

Nøkkeltall:

Styret skriv i årsberetninga at 2017 gav gode marginar med god etterspurnad i heile året, tross ein del utfordringar. 

- Tilgangen til det Russiske marknaden er framleis stengt, mens Asia og USA har økt etterspørselen. I Chile er det ein viss produksjonsauke, men ikkje nok til å balansere marknaden. Dette påvirker marknaden på verdsbasis med lågare tilførsel av laks og aure, skaper underbalanse med periodevis høge prisar i marknaden, melder styret. 

- Mattilsynet er som eit mangehodet troll

Selskapets produksjon foregår på lokalitetar som er regulert av soneforskrift for bekjemping av lakselus og PD. I tillegg er kysten regulert i produksjonsområder basert på miljøtilstand på villsmolt, Po3 og Po4 som er områda som selskapets drift tilhøyrar har tilstand rød, streng regulering og 0 vekst. Selskapet er elles Global Gap sertifisert.

Tombre fortel til Kyst.no at selskapet gjer fleire investeringar i 2018.

- I 2018 investerer me i nye lokalitetsbåtar, ny flåte til Fedje og luselasere i Fusa. Ein båt skal leveres denne veka. Den skal opperere i Vadheimsfjorden i Sogn, og den andre skal opperere i Fusa (Skåtholmen). Me ser fram til at dei tilsette får enda betre utstyr til å hjelpa seg med i kvardagen. 

Håpet til selskapet i 2018 var å få godkjendt ein ny lokalitet, men Mattilsynet sa nei.

- Mattilsynet er som eit mangehodet troll. Eg har ikkje tidligere sett ein slik kreativitet i motargument negativt ovanfor søknad og bransjen generelt. Det verkar som dei har sett seg fore å være premissgiver i forvaltninga, spessielt i røde PO-områder, seier han.

Han er positiv til dei foreløpige resultata i 2018.

- Det hat gått bra hittil i 2018. Me har god produksjon og lite sjukdom. Me har og dagleg fokus på bekjempelse av lus. Dette har ført til at me har klart å halde lusenivået historisk lågt. Me har som målstyring å ikkje overstige 0,1 kj. holus i perioden 1 april til 30 september på lokalitetsnivå, og gjerne komme bedre ut enn fjordåret på årsbasis og, påpeikar han.

Det er styrets vurdering at verksemda vil drive med overskot i 2018, men med svakare resultat som følge av myndigheiters regulatoriske styring av havbruksektoren.

Konsernet omsett all yngel og smolt til dotterselskap i konsernet.

Selskapets aksjonærar har ikkje tatt noko utbytte, men har satt av 12,5 millionar til anna eigenkapital og kr. 44.323 512 til fond for vurderingsforskjeller. 

I selskapet var 12,3 årsverk ved utgangen av 2017 og det totale sjukefråveret var 14,05 %. Av dette utgjer langtids-sjukemeldte 10,06 % og korttids-sjukemeldte 3,99 %. Det er ikkje registrert skadar eller ulykker i 2017.

Ingen medikamentbruk og null rømming

I 2017 ble det i Tombre fiskeanlegg AS produsert settefisk i Skogseidvatnet og matfisk av laks ved selskapets sjølokaliteter I Kvam, Samnanger, Fusa og Høyanger kommune. Selskapet driver samdrift med Quatro Laks AS på alle lokalitetane.

Det er ikkje registrert rømming av fisk i 2017. Lakselus har vert bekjempa biologisk ved bruk av leppefisk frå juni til desember. Selskapet har i 2017 brukt «ikkje medikamentel» bekjemping av lakselus ved bruk av varmt vann, Optilicer.

Selskapet følgjer Mattilsynets retningslinjer for bekjempelse av lakselus, og har i perioden 1 april til 30 september lagt til grunn 0.1 som styringsmål , som er 5 % lavere enn regelverket. Selskapet har i 2017 hatt FoU prosjekt som er godkjent som skatteFunn.

Tombre Fiskeanlegg produserte 4.350 tonn RLV med laks i 2017, ein reduksjon på 10,5 % frå 2016. Fisk blir i hovudsak slakta ved Hardanger Fiskeforedling AS, eksportert via norske eksportselskap til m.a. Asia, USA, og EU-marknaden. Produksjonskostnadene er dessverre
aukande inneverande år, og selskapet arbeider med tett kostnadsoppfølgjing og produktivitet forbetringar for å redusere produksjonskostnadane.

Konsernet

I konsernet er det i dag 37 tilsette + ein del innleigd personell.

Dei har og i lag med Lingalaks,  35 tilsette i eget pakkeri -Hardanger Fiskeforedling AS

Styret skriv også at konsernet hadde i 2017 eit årsresultat på 80, 5 millionar kroner. 

- Selskapets økonomiske stilling og likviditet er god. Framtidsutsiktene for konsernet er gode, men det kan liggje ein viss uro med omsyn til USAs handelspolitikk og dette også kan omfatte fisk og laks, skriv styret.