28 år gamle Håvard Tennebø er Blom Fiskeoppdrett sin yngste CFO/COO og rykker opp i gradene. Foto: privat.

Rykker opp i gradene hos Blom

Håvard Tennebø (28) er ny økonomisjef og COO i Blom Fiskeoppdrett AS. 

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Tennebø har i seks år jobba som controller i Blom Fiskeoppdrett, no stig han i gradene i selskapet. Han starta offisielt i stillinga som CFO/COO i førre veke. 

 - Eg skal fyrst og fremst ha eit meir heilheitleg ansvar rundt verksemdas økonomi. Eg vert også dagleg leiars stadfortredar, og skal leia dei ulike avdelingane me har i matfiskproduksjonen i selskapet, fortel han Kyst.no. 

- Ingen dag er lik

Dei seks åra Tennebø allereie har vore i Blom beskriv han som veldig lærerikt.

- Eg kom rett frå skulebenken og inn i denne stillinga. Havbruksnæringa er ei fantastisk næring å jobbe i. Ingen dag er lik, og det er stadig nye utfordringar.

Å jobba i eit mellomstort oppdrettsselskap som Blom Fiskeoppdrett, tykkjer 28-åringen har gjort at han har fått tatt del i store delar av det som føregår i ei havbruksbedrift.

- Eg oppfordrar alle ny-utdanna å komme seg inn i slike selskap, for å kunne bygge ei breiare erfaring på tvers av den operasjonelle og administrative verksemda, seier Tennebø engasjert.

Håvard Tennebø (i midten med svart t-skjorte) er ny økonomisjef og COO i Blom Fiskeoppdrett AS. Her ser du han i laksebakken under sykkel-VM saman med Youngfish. Tennebø sat i styret i sjømatorganisasjonen då den fyrst vart etablert. Klikk for større bilete. Foto: Therese Soltveit.

Yngste CFO & COO

Selskapets hittil yngste CFO/COO seier han går inn i rolla med stor audmjukheit.

- Eg jobbar tett på menneskjer med stor kompetanse og lang fartstid i næringa. Eg ynskjer å læra endå meir og utvikle meg vidare, samstundes som eg håpar at eg kan bidra til at Blom Fiskeoppdrett skapar stadig større verdiar.

Tennebø har ein bachelorgrad frå BI i økonomi og administrasjon. Samstundes tek han no ein MBA i økonomisk styring og leiing på NHH ved sidan av jobb.

28-åringen er også aktiv i styret i Sjømat Norge Havbruk Vest. Han sat også i det fyrste Youngfish-styret, der han var med frå starten då organisasjonen vart etablert.