Halsnøy Dokk har aldri permittert nokon i si historie, det håpar Frode Grønstøl dei kan unngå også i koronakrisa. Foto: Marius Tveit Nissestad/Grenda Lokalavis.

Halsnøy Dokk har aldri permittert før: – Det håpar vi også å unngå no

Halsnøy Dokk tek sine forholdsreglar og har sendt ut permitteringsvarslar til sine tilsette, men enn så lenge går drifta som normalt på verftet i Høylandssundet i Kvinnherad. 

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kyst.no skreiv nyleg ei sak om Halsnøy Dokk der ting gjekk bra innen havbruk, og selskapet såg lyst på 2020. Men korona-viruset si raske utvikling har no skapt bekymringar for selskapet. Saken under er skrevet av Marius Tveit Nissestad i Grenda lokalavis. 

- Vi veit ikkje kor gale dette blir så vi har sendt ut permitteringsvarslar. Det er ikkje noko gøy å permittera folk, og vi har faktisk aldri permittert nokon i Halsnøy Dokk si historie. Det er noko som sit langt inne og som vi håper i det lengste at vi slepp å ty til det også no, seier dagleg leiar Frode Grønstøl i Halsnøy Dokk til Grenda.

Utfordrande tider

Dei har i dag eit par jobbar som dei håpar ikkje blir kansellert, og prøver så godt dei kan å halda normal drift på verftet.

– Dei to jobbane ligg og flyt litt som følgje av den usikkerheita som er over oss no. Det er ingen tvil om at vi står ovanfor utfordrande tider. I Nordsjøen tipper eg dei utset alt dei ikkje må gjera, noko som kjem til å ha store ringverknadar rundt om, også for oss. Så vi ser for oss at det vert lågare aktivitet i tida som kjem, men så lenge vi klare å sysselsetta dei vi har gåande, så er det veldig bra. Og det er det som er målsetninga vår, seier Grønstøl.

Halsnøy Dokk har, som så mange andre verksemder, innført ei rekkje smitteforebyggande tiltak over heile linja. Blant anna har dei stengt ned all kontorverksemd, både i administrasjonen og ute i produksjonen.

– Alle som har anledning til det har heimekontor og vi oppmodar folk om å ta ut avspasering om dei har anledning til det. Vi prøver å avgrensa bemanninga på verftet her slik at vi ikkje er meir folk her enn det må vera. Kontora våre er stengt og all kommunikasjon skjer no, så langt det let seg gjera, over telefon, seier Grønstøl.

Måler feberen

I tillegg har dei dobla opp med vasking rundt om på verket og bed dei som skal inn på verftet fylla inn eit eigenmeldingsskjema før dei sleppe inn.

– Her må dei stadfesta forskjellege ting som er lista opp på FHI sine sider. Om dei har vore i utlandet, om dei har vore i kontakt med smitta også vidare. I tillegg måler vi feberen på alle som kjem inn for å sjekka at dei ikkje har feber, seier Grønstøl og legg til:

– Vi må gjera det. Det kjem inn båtar hos oss med mannskap som flyte litt at og fram, og det er gjerne mannskapsbyte når dei kjem i dokk. Så vi må ha gode rutinar. Rutinar vi også stille krav til at skipa som kjem inn til oss følgjer. Og vi opplever at det er eit felles mål for alle å avgrensa smittefaren så mykje som mogleg.

Kan bli oppdragstørke

I tillegg til å jobba for å oppretthalda nok aktivitet til å sysselsetta sine tilsette i desse vanskelege tidene, prøver Grønstøl å halda seg kontinuerleg oppdatert på strakstiltak, råd og retningslinjer.

– Det dukkar opp nye ting som vi heile tida må forholda oss til. Så det er nesten blitt ein heiltidsjobb å halda seg oppdatert på dei løypande oppdateringane som kjem. Det er krevjande, men vi jobbar på spreng for å sørga for at vi er oppdatert, seier Grønstøl.

Verftssjefen har stor tru på at dei skal klara å stå i dei utfordringane som kjem på best mogleg måte.

– Det er ein stor fare for at det tørkar inn med oppdrag, så vi veit ikkje kva veg dette går. Marknaden vert nok stram framover så vi må vera i beredskap og ta dei forholdsreglar vi kan ta. Då er permitteringar eit av dei tiltaka, men vi håpar at vi kan klara å unngå det. Det kan koma tiltak som er så strenge at vi ikkje har moglegheit til å driva vidare, men vi vil i alle fall gjera det vi kan for å stå i det på best moglege måte. Eg har tru på at vi skal klara å halda oss i sving, sluttar Grønstøl.