Grunnsøya med Fjord Hybrid løysinga som sikrar landstraum og batteridrift på alle oppdrettslokalitetane til selskapa. Foto: E.Karstensen.

Har no landstraum eller batteridrift på alle lokalitetar

E. Karstensen Fiskeoppdrett AS og Marø Havbruk AS er no i mål med å få alle lokalitar over på landstraum eller hybridteknologi. Tiltaka vil redusere klimaavtrykket frå produksjonen betraktelig, gje eit bedre arbeidsmiljø og samtidig gje mindre støy til dei som bur eller ferdast nær våre anlegg.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Denne veka blei lokalitet Marøytåa på Svanøy kobla til straumnettet, ein etterlengta investering vi starta opp planlegginga av for eit år sidan, seier Elin Tveit Sveen dagleg leiar i Marø Havbruk. 

Ho legg til at det var ein stor dag då dei kunne slå av generatoren og det alikavel var strøm på oppdrettsanlegget.

- På lokalitet Langeråa i Batalden har vi hatt landstraum sidan lokaliteten ble starta opp i 2005 seier Nils Tore Karstensen i E.Karstensen Fiskeoppdrett i ei pressemelding.  

- På lokalitet Grunnsøya som ligg lengst nord i Flora kommune var avstanden til land større og valget vart å gå for løysinga Fjord Hybrid med batteridrift levert av Fjord Maritime AS. Sidan oppstarten på lokaliteten i mai har Fjord Hybrid redusert gangtida til dieselgeneratoren frå 24 timer til 4 timer pr. døgn. Resten av døgnet ligg vi kun på batteri, og har redusert gangtida til dieselgeneratoren med 84%. Det er god butikk for oss og for miljøet  legg Nils Tore til.

Automatisk over på batteri

Øyvind Bakke frå Fjord Maritime som har utvikla Fjord Hybrid sier at når dieselgeneratoren først går, så opererer den på sitt ideelle effektområde og lader batteriene med restkapasiteten til desse er ferdig ladet, deretter går systemet automatisk over på batteridrift.

- Dermed minimerer man gangtiden til generatoren, i tillegg til at den blir kjørt på belastningen den er designet for å ligge på.

Svingningar på energisiden gjennom eit døgn eller ein produksjon er inga utfordring. Batteriene leverer etterspurt energi til anlegget, og når batteriet treng lading startar generatoren, og gir maksimalt antall kW pr. liter diesel. Dette resulterer i optimal bruk av generatoren og minst mogleg NOx- og CO2-utslipp. Fjord Hybrid klargjer også flåtane til å ta i bruk ny teknologi innan fornybar energi som vind, bølge, tidevann og solenergi.

Løysinga har ei forventa nedbetalingstid på tre år og batteripakka er dimensjonert for ei levetid på ti år.