På Engesund Fiskeoppdrett sin lokalitet Leirvika i Masfjorden kommune har dei prøvd ut ei hybridløysning kalla «Batterator». Foto: Engesund Fiskeoppdrett.

Har redusert generatorbruken med over 80 %

Engesund Fiskeoppdrett har installert landstraum på alle sine lokalitetar, så nær som på Leirvika i Masfjorden kommune. Her har dei prøvd ut ei hybridløysing, «Batterator». Dette har redusert driftstida på generatoren med over 80 %.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

- Vi har no passert 1000 timar driftstid på batteriløysinga, medan generatoren har gått 183 timar i same perioden. Det overgår våre forventingar, og er svært positivt for miljøet, kostnadane, dei tilsette på anlegget og naboar, seier dagleg leiar Svein Eivind Gilje ved Engesund Fiskeoppdrett i ei pressemelding.

Batterator vert levert av Electro Automation Austevoll, som fortel det er ei energiløysing for lokalitetar der landstraum ikkje er eit reelt alternativ, nett slik som på Leirvika.

- Det er veldig kjekt at det er så gode driftsdata på Batteratoren til Engesund Fiskeoppdrett, seier salsleder Sigurd Vik hos Electro Automation Austevoll.

- Over 80% reduksjon i driftstimar på generatoren er faktisk betre enn vi hadde regna med på førehand. Systemet har vist seg å være stabilt og driftssikkert, og det styrer seg sjølv utan assistanse frå dei tilsette på anlegget. I desse dagar har vi oppstart av ein Batterator på ein annan lokalitet, og vi er overbeviste om at det er mange tilsvarande lokalitetar som kunne hatt store innsparingar med ei slik hybridløysing, legg han til. 

Å velje ei hybridløysing framfor tradisjonell generatordrift meiner dei kan gje redusert drivstoff-forbruk og utslepp, redusert gangtid og vedlikehald på dieselgenerator, redusert støy for røktarar og naboar, samt avbrotsfri straumforsyning og moglegheiter for tilkopling av andre fornybare energikjelder.