arkivfoto av høstsmolt.

Haustsmolt betre for villaksen

Nye resultat viser at haustsmolt har svært dårleg overleving i havet og dermed ikkje får sjansen til å vekse opp og gyte i elvane saman med villaksen. Dermed kan det sjå ut som om haustsmolt som rømer frå oppdrettsanlegg er ein mindre risiko for villaks enn rømt vårsmolt.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Smolt. Foto: Kyst.no

Produksjonen av smolt i oppdrettsnæringa har blitt gradvis intensivert over fleire tiår. Tidlegare vart det berre produsert vårsmolt (eittårssmolt), men no er over 40 % av smolten under eitt år gamle når dei er klare for sjøvatn.  Haustsmolten (nullåring) blir vanlegvis satt ut i merdar i sjøen i perioden frå september til november.

- Vi veit lite om oppførsel og overleving hjå haustsmolt som rømmer. Havforskingsinstituttet gjennomførte derfor ein forsøksserie med merking og slepp av haustsmolt for å få vite meir om kva effektar dei kan ha på miljøet, seier Ove Skilbrei som er forskar ved Havforskingsinstituttet og prosjektleiar for forsøket.

Vårsmolt og haustsmolt

Det er kjent at vårsmolt som rømmer kan vandre ut i Norskehavet og komme tilbake til elvane som vaksen laks for å gyte eitt eller fleire år seinare. Både smoltifisering og vandring blir stimulert av aukande daglengde om våren, så vårsmolten følgjer den same naturlege syklusen for smoltifisering og vandring som villaksen. Haustsmolten vert derimot lysmanipulert og opplever ein kunstig vår før den blir satt ut i sjøvatn om hausten.

Haustsmolten sym mot havet

Sjølve forsøket vart gjennomført i Masfjorden i Nord-Hordaland. Her vart det sleppt ut smolt etter eit fastlagt mønster, og resultata frå haustsmolten blei samanlikna med tilsvarande slepp av vårsmolt. Noko vårsmolt vart halde i merdar til hausten og deretter sleppte ut på omtrent same tid som hautsmolten.   - Haustmolten vandra ut fjorden nesten like hurtig som vårsmolten, og betydelig fortare enn fisken som hadde stått utandørs i fleire månader. Denne fisken hadde tydeleg tilpassa seg årstida, og viste ikkje lenger teikn til typisk vandringsadferd. Konklusjonen vår er at haustsmolten som rømmer oppfører seg som ein vanleg smolt som set av garde mot storhavet. Denne evna har den i minst seks veker etter at den blir sett ut i merd, seier Skilbrei.

Haustsmolt har svært lav overleving i havet

Berre ein av dei 23 000 haustsmoltane som blei sleppt ut i løpet av dei tre åra forsøket varte, vart fanga inn at som vaksen fisk. Til samanlikning blei 39 laks frå sleppa av vårsmolt fanga.

- Forholda i Norskehavet var ikkje optimale for laks dei første åra under forsøket, det har nok vore medverkande til den låge gjenfangsten. Likevel er forskjellen mellom vårsmolt og haustsmolt så openbar at vi tolkar dette som at haustsmolt som rømmer i løpet av dei første månedane etter overføring til sjøvatn, har svært dårlege utsikter til å overleve i havet. Vi antar og at det er mykje vanskelegare for ein liten haustsmolt å overleve den komande vinteren i Norskehavet enn det er for ein vårsmolt som allereie har fått med seg ein vekstsesong i havet, seier Skilbrei.