Leppefisk Berggylt

Havlandet leverte dei fyrste berggyltene

Denne veka vart dei første 100 000 berggyltene frå Havlandet Havbruk, levert til oppdrettarar i Sunnfjord og Sogn.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

- Berggylte er ein svært spesiell fisk. Den et ikkje andre fisk, den lever av krepsdyr. Når ein set den i ei oppdrettsmerd vil den ikkje bry som anna fisk eller fiskefôret, men forsyne seg av lakselusa, seier dagleg leiar Halvard Hovland til NRK Sogn og fjordane.

Havlandet Havbruk i Florø ,starta produksjonen av berggylte i hausten 2014 . Havlandet Marine Yngel, har no ein base på 2500 stamfisk, og det siste året har eigarane i Sunnfjord Rensefisk   investert mellom 20 og 30 millionar kroner i bergylteproduksjonen.

- Det er ei stor investering, men får vi dette til og kan spare andre metodar, så er dette veldig bra og miljøvenleg, seier Nils Tore Karstensen, dagleg leiar i Sunnfjord Rensefisk.