Nils Inge Hitland. Foto: Linn Therese Skår Hosteland

Hitland sluttar som dagleg leiar i Salmon Group

Salmon Group har denne hausten gjennomført eit stort strategiarbeid for å bu organisasjonen på framtida. - Nils Inge Hitland vil gå frå å vere dagleg leiar til å jobbe meir spesifikt med utvalde fagområde, skriv nettverket på sine heimesider.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Ein del av eit stort strategiarbeid for å bu organisasjonen på framtida, er å gjere om på ein del stillingar internt, melder nettverket.

Nils Inge Hitland vil gå frå å vere dagleg leiar til å jobbe meir spesifikt med utvalde fagområde, og arbeidet med å få på plass ein ny dagleg leiar er i gang.

- Vi vil styrke nettverket og vi ynskjer å satse på ein meir heilskapleg struktur, der den enkelte medarbeidar har meir tydelege arbeidsoppgåver, seier styreleiar Erik Osland.

Nettverket skriv at dei dei seinare åra har opplevd stadig større forventningar frå aksjonærane om å jobbe med samfunnsmessige og politiske spørsmål.

- Som ein konsekvens av dette vil ein hente inn nye ressursar. Dette arbeidet er alt sett i gong.