Gå til innhold
Annonse
May-Guri Sæthre og Karin Westrum driv oppdrett av mjølbiller på laboratoriet hos NIBIO. Foto: Erling Fløistad.
May-Guri Sæthre og Karin Westrum driv oppdrett av mjølbiller på laboratoriet hos NIBIO. Foto: Erling Fløistad.

I framtida kan insekt bli ein viktig ingrediens i lakse- og dyrefôr. Forskarar ved NIBIO og NIFES har innleia eit nytt prosjekt med mål om å byggje opp norsk kompetanse på berekraftig insektsoppdrett med bruk av avfall som fôr.

Annonse

NIBIO melder at FN sin mat- og jordbruksorganisasjon FAO meiner at verda framover skal satse enda sterkare på insektoppdrett. I 2050 er det forventa at verdas befolkning vil ha auka til 9 milliardar menneske, og med fleire folk kjem behovet for større matproduksjon. Dette vil ha stor effekt på miljøet og kan føre til knappheit på jordbruksareal, vatn, skog, fisk og biologisk mangfald.

No skal forskarar frå Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) og Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning (NIFES) sjå nærare på insektproduksjon i samarbeid med utanlandske forskingsmiljø og ei rekkje ulike næringslivsaktørar i prosjektet ENTOFÔR. Målet er å byggje opp ein kompetanse på insektoppdrett med fôr frå avfallskjelder.

Insekt i fiskefôr

Globalt blir det i dag avla nesten 700 insektartar og mange stadar er insekt brukt som fôr og menneskemat. I Noreg har interessa for insekt vore spesielt fokusert mot insekt som mogleg ingrediens i mellom anna fiskefôr. Det er naudsynt å finne nye berekraftige råvarer som kan kome i tillegg til dei avgrensa råvarene ein i dag brukar i fiskefôr, og samstundes dekkje næringsstoffbehova til fisken. Insektmjøl kan vere ein del av løysinga fordi det er svært proteinrikt og samansetjinga av aminosyrer liknar på dei vi finn i fiskemjøl.

- I dei siste åra har det blitt større interesse for å bruke insekt i både fiskefôr og til menneskeføde. Insekt passar godt i fôr til fisk og kylling, som naturleg et insekt og er ei god erstatning for fiskemjøl og planteprotein, fortel Erik-Jan Lock frå NIFES.

Lock er prosjektleiar for ENTOFÔR.

- Det neste steget er å få til storskalaproduksjon, seier han.

- Dette finst ikkje i dag i Europa. Det er berre nokre få litt større produsentar i Frankrike, Nederland og Tyskland. Til no har lovgjevinga ikkje vore tilrettelagt for bruk av insekt i fôr, men no har dei endeleg avgjort å opne opp for bruk av insekt i fiskefôr i Brussel. Det vil bli lovleg allereie til sommaren, seier Lock.

Han fortel at fleire laksefôrselskap har gjort eigne testar med insekt, men understrekar at vi treng eit system på plass før det vil bli sett på som risikofritt å nytte insekt i fôr.

- Når lovgivinga er på plass og det skal opnast for import av insektmjøl, treng vi teknikkar og analysar på plass, som med 100 % sikkerheit kan påvise at mjølet kjem frå insekt og ikkje t.d. frå kyr.

Lovgivinga set også avgrensingar for kva insekta kan fôrast med. I mellom anna Sør-Afrika, Sør-Amerika og Thailand har dei ikkje dei same restriksjonane som i Europa. Det vil derfor vere svært viktig at ein veit kvar insektmjølet kjem, seier han.  Lock legg til at det som ein del av prosjektet vil bli utvikla eit «fingerprintingsystem» som skal avdekkje innhaldet i insektmjøl i samarbeid med forskarar i Nederland og Belgia.

Insektekspertar frå NIBIO

For å lukkast med ei kommersiell insektnæring vil det såleis vere vesentleg å byggje opp god kompetanse. NIBIO har det største fagmiljøet innan læra om insekt (entomologi) i Noreg. No skal desse insektforskarane mellom anna teste ut fleire ulike artar i oppdrett for å finne dei som er mest relevante å bruke i kommersiell produksjon. I tillegg skal det etablerast insektkulturar  der ein skal gjere forsøk for å finne ut av kva slags insektartar og forhold som gjev best produksjon når insekta vert fôra med ulikt avfall.

- Vi ønskjer å byggje opp ein brei kompetanse på dette området i NIBIO, fortel avdelingsleiar Ingeborg Klingen som leiar denne delen av prosjektet.

- ENTOFÔR-prosjektet er berre byrjinga, seier ho og peikar på at dette er god bioøkonomi der ein nyttar avfall og gjer det om til ressurs. På engelsk kallar ein det «upcycling» som er eit godt uttrykk.

Ifølgje Klingen kan ulike insekt omdanne alle slag organiske materiale, til dømes matrestar. I dag blir tjue prosent av all mat kasta. Dette kan i staden bli ein berekraftig ressurs i produksjon av insekt som kan brukas i til dømes fiskefôr.

- Tenk på all energien og arbeidet som har gått inn i produksjonen av all den maten vi kastar - dyrking, gjødsling, produksjon. Vi tek vare på energien ved å bruke denne ressursen. Laks kan nesten ikkje fordøye karbohydrat, og insekt er difor ei god råvare. I dag importerer vi 85 % av det som går i fôret, som soya og fiskemjøl, frå utlandet, seier Loch.

Skal bruke avfall

Det er mange avfallsstraumar som kan nyttast til insektsoppdrett, mellom anna landbruksavfall, bryggemask og avfall frå matprodusentar, men nokre kjelder vil vere meir utfordrande å nytte enn andre.

- Kjernen i heile ideen er at vi skal transformere lågverdibiomasse til høgverdibiomasse, fortel Ivar Pettersen, seniorrådgjevar frå NIBIO som leiar arbeidet med avfallstraumar og fôrtilgang.

- Vi skal sjå på tilgangen på avfallstraumar som kan brukas til insektfôr, det vil seie kva slags straumar av biomasse som kan eigne seg, og kva volum som finst. I tillegg er logistikk viktig - vi må ha ein idé om kvar vi finn denne biomassen og kva det er lov å utnytte, seier Pettersen.

Framtidas produksjon kan vere alt frå det vi kallar «cottageindustri» - til dømes ein kompost i hagen - til storskalanlegg som Protix i Nederland, trur han. Men hushaldsavfall er ei utfordring å bruke fordi denne typen avfall kan innehalde mange andre ting som ikkje er ønska i insektfôret.

- Vi er i ein prosess der det blir eit tydelegare lovregime, med den konsekvens at det blir stilt strenge krav om kva slags avfall ein kan fôre insekt med. Slik det ser ut no kan det såleis bli vanskeleg å få godkjenning for bruk av hushaldsavfall fordi det er for mange element i det. Det kan t.d. vere restar av ein dyreart som det ikkje er lov til å brukt til fôr for same art. No vil nok slik bruk berre vere mogleg i større hushald eller matindustri, seier han. 

Næringspartnarar

Pettersen fortel at NIBIO mellom anna skal samarbeide med Norsk Gjenvinning og andre avfallstrømprodusentar.

- Vi har også samarbeid med Orkla, og vi vil sjå nærare på bruk av varer frå daglegvarebutikkar. Målet er å få  ein jamn og god straum med biorest som gir full kontroll av innhald, forklarar Pettersen.

Andre næringspartnarar er potet- og grønsaksprodusentane Bjærtnes & Hoel og Dingstad og Kjær i Sandefjord, samt Skjærgårdsgartneriet.

- Vi ser for oss at det er grunnlag for å teste ut ganske homogene straumar frå desse. Det mest utfordrande blir om vi kan gjere noko med dei store matavfallstraumane som Norsk Gjenvinning handterer, seier han.

Interessant råvare

Norske fiskefôrprodusentar er også positive til insektmjøl som råvare i fôr. Kim Hetland, forskar for fôrprodusenten Ewos/Cargill Aqua Nutrition, seier dei er interesserte:

- For oss er dette ei interessant råvare som kan tilsetjast råfôret, og gir oss eit ekstra spelekort.

Men Hetland påpeikar at det er urealistisk at insekt kan bli ein del av fôret så lenge insektproduksjonen går føre seg i så liten skala.

- Utfordringa har jo først og fremst vore lovverket, men det ser ut til å endre seg no. Det er ein fordel med eit breitt spekter av råvarer slik at ein til ei kvar tid kan bruke det som passar best for kundar og livssyklus. Men det er ingen hemmelegheit at vi i dag ikkje har dei voluma og den tilgangen som er naudsynt, avsluttar han.

Harald Espeland (Vekst i Stordal) og Peder Vikenes (Norinsect). Foto: Norinsect.
Harald Espeland (Vekst i Stordal) og Peder Vikenes (Norinsect). Foto: Norinsect.

Frå møblar til insektproduksjon

I Noreg er Norinsect kanskje produsenten som er komen lengst på insektsoppdrett. Bedrifta er også ein av næringspartnarane i ENTOFÔR-prosjektet.

I ein tidlegare møbelfabrikk i sunnmørsbygda Stordal har gründeren Peder Vikenes i samarbeid med Harald Espeland starta opp eit av Noregs første kommersielle produksjonsanlegg for mjølbillelarvar. Som eigar av ei lakseelv hadde Vikenes alltid høyrt at ein ikkje måtte kutte ned vegetasjonen rundt elva, fordi insekt i busker og tre dett ned og blir mat til laksen. Slik fekk han ideen om i liten skala å teste ut systematisk mating av mjølbillelarvar med føremål å vurdere potensialet for bruk i fôr.

Etter kvart fekk han med seg Espeland på laget som forretningsutviklar og starta opp firmaet Norinsect. For litt over eit år sidan blei produksjonen flytta til eit oppskaleringsanlegg i tomme fabrikklokale. Duoen har stor tru på auka produksjonsvolum i 2017.

- Planen er ein årleg produksjon på 1300 tonn i desse fabrikklokala. Etter kvart ønskjer vi å opne fleire anlegg rundt om i landet. Vi er allereie i prat med produsentar av kjæledyrfôr om bruk av insekt i hundefôr, fortel Espeland.

- Fiskefôr er ein annan interessant marknad, men då treng vi svært store volum. Det er mykje som skal løysast når det gjeld produksjonsteknologi og automatisering før vi kjem dit, seier Espeland.

I ENTOFÔR-prosjektet er Norinsect med på å gi tilbakemelding til forskarane om utfordringar og erfaringar. - Vi er ein lyttepost for forskingsmiljøet og kjem med innspel som dei kan nytte i forskinga, seier insektprodusenten.

 

Har du en sak du
vil tipse oss om?

Annonse