Illustrasjonfoto grønne konsesjoner.

Kjempar om nye laksekonsesjonar

Ein outsider på søkjarlista til nye laksekonsesjonar er Norsk Sjømat Oppdrett AS på Stranda. Selskapet, som er ein del av Norsk Sjømat-konsernet, eig alt ein konsesjon, som er leigd ut.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

– Vi treng fleire konsesjonar slik at vi kan skaffe oss råstoff til produksjonen, seier administrerande direktør Per Magne Grøndahl i Norsk Sjømat til Sunnmørsposten, og legg til at han reknar med å få,

Norsk Sjømat vidareforedlar laks, og Grøndahl meiner det er eit godt argument for å få av dei nye konsesjonane.

Han seier til avisen at dei har lagt inn bod, men fryktar at dei har lite å stille opp med i forhold til dei store lakseselskapa på børsen.

Eit anna nyetablert selskap frå Møre og Romsdal som ifylgje Sunnmørsposten har meldt seg på i kampen om nye konsesjonar er Prophylaxia AS, Aqua Farms Vartdal, Fjordlaks Aqua og Øyfisk i Midsund - til liks med storselskapa i regionen Marine Harvest og Salmar.