Regjeringen vil utrede krav om nullutslipp av lakselus fra oppdrettsanlegg fra 2030, det kommer frem i regjeringens handlingsplan for villaksen som ble lagt frem av statsråd Sveinung Rotevatn (V) fredag. Foto: HI

Regjeringen åpner for krav om nullutslipp av lakselus

Regjeringen vil utrede krav om nullutslipp av lakselus frå oppdrettsanlegg frå 2030. Det kjem frem i regjeringens handlingsplan for villaksen som blei lagt frem av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) fredag.

Publisert Sist oppdatert

Statsråden la fredag frem ein handlingsplan for ville bestandar av atlantisk laks, der dei blant anna skriv at Vitskapeleg råd for lakseforvaltning (VRL) skal vurdere kvaliteten til norske laksebestandar i samsvar med kvalitetsnorma over periodar på fem år. 

Av alle påverknadsfaktorane som VRL har vurdert, er det lakselus som har den største risikoen for å gjere ytterlegare skade på vill atlantisk laks. Dei meiner det derfor vil bli viktig å leggje til rette for teknologiutvikling som kan bidra til å løyse miljø- og arealutfordringar i havbruksnæringa.

Må utvikle trafikklyssystemet

Departementet skriv at justeringar i lokalitetsstrukturen vil vere et overordna grep som kan bidra positivt i eit miljøperspektiv, eit fiskehelseperspektiv og eit næringsperspektiv.

Statsråd Sveinung Rotevatn (V) fredag. Foto: Terje Heiestad.

- Det er behov for å revidere lakselusregelverket. Regjeringa vil også greie ut eventuelt krav om nullutslepp av lakselus frå oppdrettsanlegg frå og med 2030. Trafikklyssystemet skal sørge for at vekst i oppdrettsnæringa kjem i områder der påverknaden frå lakselus er akseptabel. Det vil vere naudsynt å fortsette å utvikle og forbetre trafikklyssystemet.

For å ta vare på den genetiske integriteten til villaksbestandane i Noreg, skriv departementet at man må både førebyggje at  oppdrettslaks rømmer i utgangspunktet, men også ha gode tiltak på plass for å handtere episodar  som kan inntreffe.

- Kunnskapsinnhenting om metodar for å spore og merke oppdrettslaks og  metodar som kan hindre at rømd oppdrettslaks gyter vil vere viktig for å kunne vurdere tiltak knyt til  dette på ein forsvarleg måte. I tillegg vil vurdering  av nye krav til oppdrettsnæringa  for å hindre,  oppdage og avgrense rømming vere viktige tiltak for å redusere påverknaden frå rømd oppdrettslaks  på  ville  laksebestandar. Det vil også bli vurdert å etablere ein elvekatalog der informasjon frå ulike forskingsmiljø og etatar blir samanstilte med tanke på overvaking og uttak av rømd laks i laksevassdraga, skriv dei. 

Les heile handlingsplanen her.