Øyvind Kråkås i Havbrukspartner. Foto: Magnus Petersen.

Korleis kan havbruksnæringa bli viktigare for Sogn og Fjordane?

Det nærmar seg stortingsval, og det kan vere på sin plass å sjå litt nærare på korleis havbruksnæringa kan bli enno viktigare for Sogn og Fjordane enn ho er i dag.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Mangelen på høgare utdanning retta mot havbruk har vore påfallande for heile vestlandet sidan Høgskulen avvikla sitt tilbod i Sogndal. Vi ser at søknadstala til havbruksutdanning generelt aukar, og det er truleg nett no ein bør gripe sjansen til å etablere eit nytt tilbod.

Her kan Sogn og Fjordane sikre seg studentar og kompetansearbeidskraft til ei lokal vekstnæring. Eit godt utdanningsmiljø vil styrkje identiteten Sogn og Fjordane som havbruksfylke.

Ved sidan av kunnskap om produksjon av fisk, er det viktig å merkje seg at salsapparatet for fisk står svært sterkt i Sogn og Fjordane. Selskap som Coast Seafood, Norwell, Bravo Seafood og fleire sit med mengder av rutine og marknadskunnskap for omsetnad av laks og aure. Også på kvitfisk har ein gode aktørar. Kanskje kunne ei utdanning spesialisert mot omsetnadsleddet vokse fram i nettopp Sogn og Fjordane?

Mangelen på disponibelt areal er eit stadig tilbakevendande tema når ein snakkar om å auke havbruksaktiviteten i Sogn og Fjordane. Her blir det i dag gjort arbeid som kan vere med og løfte fylket som produsent, noko som er spesielt viktig for dei tre slakteria som framleis er i drift. Desse treng meir fisk framover.

Marø-Havbruk. Foto: Havbrukspartner AS

Ulike konsept for lukka- og semilukka anlegg er under arbeid. Ecomerden er alt i kommersiell bruk i Solund. Fleire aktørar har søkt utviklingskonsesjonar for ulike konsept. Det vil vere eit stort løft for næringa, leverandørindustrien og kunnskapsmiljøa i fylket om ein får tildelingar av utviklingskonsesjonar til Sogn og Fjordane. Også for resirkuleringsanlegg på land ligg der eit stort potensiale å utforske.

Framleis finst der gode lokalitetar tilgjengelege for havbruk med dagens teknologi. Gode anlegg og god forankring gjere det mogleg å nytte lokalitetar som tradisjonelt har blitt oppfatta som lite gunstige. Her er ein avhengig av at næring og forvaltning spelar på lag for å kome fram til løysingar.

Utviklinga av ein sterk leverandørindustri går i riktig retning. EWOS i Florø er sjølvsagt ei hjørnesteinsbedrift med produksjon av fiskefôr. Artic Shipping i Førde har vakse fram som ein innovativ og ekspansiv samarbeidspartner for EWOS sin distribusjon og råvarelogistikk. Dette samarbeidet løftar med seg andre leverandørar.

Ulike verksemder som Østerbø Maskin, Nesseplast og Værlandet Fikseredskap har funne sin plass i rekka av leverandørar som kan oppnå store volum til ei av landets viktigaste eksportnæringar. Interessa for å levere til havbruksnæringa er stor, og mange verksemder forsøkjer no å omstille seg frå ei rein oljeretta kundegruppe og inn mot havbruk.

Utgangspunktet for Sogn og Fjordane bør vere at ein ynskjer å få hand om mest mogleg av den aktiviteten og omsetnaden som havbruksnæringa genererer. Grunnlaget ligg absolutt til rette for det, gjennom gode fagmiljø, sterk økonomi og godt samarbeid mellom næring og forvaltning på regionplan.