Den nye betongmerda på biletet skal oppfylle kriteriene for Engesund Fiskeoppdretts grøne løyver. Den er no plassert i Ådnekvamme i Masfjorden. Foto: Pål Mugaas Jensen/Kyst.no.

Lågare resultat for Engesund Fiskeoppdrett

FoU-utgiftar knytta til lusebekjempelse og taredyrking dreg ned resultatet for selskapet i 2017.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Engesund Fiskeoppdrett hadde i fjor ein omsetnad på 119 millionar kroner mot 98 millionar året før. Dei hadde eit driftsresultat på rundt 15 millionar kroner, ein nedgong på åtte millionar kroner frå 2016.

Driftsmarginen deira var i fjor på 13 %, ned frå 23 % i 2016, medan egenkapitalandelen var uforandra på 26 %.

Engesund Fiskeoppdrett AS driv oppdrett av laks og aure. Sidan sommaren 1987 har selskapet drive oppdrett i eigne anlegg og lokalitetar i nærområdet til øya Engesund i Fitjar kommune.

Frå 2012 er også lokalitetar i Masfjorden kommune tekne i bruk, og Engesund blir drive som eit visningssenter.

FoU-konsesjon på taredyrking

Engesund Fiskeoppdrett AS har selt seg ned i Vik Settefisk AS, og er no ein minoritetsaksjonær i dette selskapet.

Selskapet skriv i sin årsberetning at dei vil halde fram med drifta av både oppdrett og visning.

Nøkkeltal for 2016 og 2017:

Selskapet fekk tilsegn om ein grøn konsesjon i 2014 og ein FoU-konsesjon på taredyrking i nærleiken av lakseoppdrett i 2015, og har hatt FoU-utgifter på utvikling av metodar for motverking av lus, og på planlegging og igangsetting av forsøk på taredyrking rundt fiskeoppdrett i samarbeid med fleire andre aktørar.

Engesund Fiskeoppdrett oppnådde netto kontantstraum frå operasjonelle aktivitetar på -9 millionar kroner. Netto kontantstraum frå investeringsaktivitetar vart -24,3 millionar kroner og netto kontantstraum frå finansieringsaktivitetar 33,4 millionar kroner. 

Selskapet har 15 fast tilsette, fire kvinner og 11 menn. Styret er samansett av fire menn, og har fire varamedlemer, tre menn og ei kvinne. 

Betongmerden

I byrjinga av august vart Engesund-merda snorklipt og feira ved eit arrangement hos produsenten Bergen Group Sjøsterk på Stamneset i Bergen. Betongmerden er no på plass på lokaliteten og dei har starta med testing. Les meir om dette her.