Lakselus fekk latteren fram under Forskningsdagane

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Gode møte med publikum, overraskande flittige quiz-deltakarar og nærkontakt med lakselus skapte liv på Havforskingsinstituttet sin stand på Festplassen i Bergen fredag og laurdag, melder Havforskningsinstituttet.

Forskingsgruppa sjukdom og smittespreiing hadde det faglege ansvaret for innhaldet der i år. Det gjennomgåande tema var lakselus og korleis Havforskingsinstituttet arbeider for å løysa problemet. Grundig kjennskap til lusa sin biologi er ein føresetnad for å utvikla effektive metodar mot lusa. På standen fekk publikum studera ei vaksen lakselus på nært hald, og sjå den raske reaksjonsevna til lusa.

Frå Forskingsstajonen Matre var det levert ein rugg av ein oppdrettslaks. På laurdagen kom også reinsefiskane på plass: ei handfull rognkjeksyngel og eit par leppefiskar frå Forskingsstasjonen Austevoll. Fisken, både dei levande og den døde, gjorde stor suksess, skriv Instituttet på sine heimesider.