Gerhard Meidell Alsaker. Foto: Alsaker Fjordbruk.

Lavere produksjon hos Alsaker i 2017

Alsaker-konsernet, som er konsernselskapet til Alsaker Fjordbruk, fekk eit driftsresultat på kroner 568 millionar i 2017. Med ein omsetnad på kr 1.621 millionar gir dette ein driftsmargin på 35 %.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Alsaker er eit vertikalintegrert oppdrettskonsern med produksjon av laks. Konsernet dreiv i 2017, 5 smoltanlegg, 22 matfiskkonsesjonar og eit slakteri.

Produksjonen i konsernet skjer i 13 kommunar: Bømlo, Etne, Fusa, Kvam, Kvinnherad, Meland, Sveio og Tysnes i Hordaland, samt Haugesund (Røvær), Rennesøy, Suldal, Tysvær og Vindafjord i Rogaland.

Liten nedgang i produksjon

I 2017 produserte konsernet 31.000 tonn laks, mot 32.500 tonn året før.

Produksjonsmessig har 2017 vore eit heller svakt år for konsernet. Både produksjonsvolumet og slaktevolumet gjekk litt ned samanlikna med 2016. Det er framleis mykje tilveksttap i samband med avlusing av laks, skriv selskapet.

Ved utgongen av 2017 var det 246 fast tilsette i konsernet. Konsernet har godt kvalifiserte og motiverte personar i alle ledd i organisasjonen.

Den internasjonale marknaden for laks har vore prega av ein sterk etterspurnad også i 2017. Det globale tildodet av atlantisk laks auka med ca 2 % medan gjennomsnittleg eksportpris på laks frå Norge blei redusert med ca 5 % samanlikna med forrige år.

Konsernet har brukt over 130 millionar kroner i utviklings- og innovasjonsprosjekt i 2017.