Bjørg Mette Holmefjord Antonsen, Bolaks, og Mikal Leigland, Leigland Bygg, under signering av totalentreprise for nye kontorlokaler på Lammaneset.

Leigland Bygg bygger nye kontorlokaler for Bolaks

Bolaks er i vekst og får no nye kontorplassar.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

I hovedbygget på Lammaneset skal det byggast om slik at det blir kontor i heile 2. etasje. 1000 m2 vil gje rom for mange nye kontor, møtefasiliteter, og kantine der selskapets 70 medarbeidarar kan samlast, skriv Bolaks i ein pressemelding.

 Det er planlagt inn et tilbygg med heis og trapp for å gjere kontorlokala lett tilgjengelege og for rullestolbrukarar. ABO har bidrege med teikningar og framdrift fram til tilbudsrunden.

Solid aktør

Daglig leiar i Bolaks, Bjørg Mette Holmefjord Antonsen, seier at Bolaks er svært nøgd både med at oppdraget no tildelast lokalt, og at det er Leiglang Bygg som er valgt. Dei har også tidlegare utført byggarbeid for Bolaks. Det er ein trygghet for oss å tildele totalentreprise til en solid, lokal aktør som Leigland Bygg.

Mikal Leigland er klar til å ta fatt på arbeidet 6. august, og utover hausten viser framdriftsplan at det er mykje arbeid som skal koordinerast inn på kort tid. Plana er at kontorlokala er klar til å flyttast inn i like før jul, skriv dei.