Brønnbåten Robas møtte opp klokka 00 natt til tirsdag for å hente siste rest av høst-19 generasjonen til Flokenes Fiskefarm. Dei siste 130 tonna frå merd 5 som blei levert i natt hadde ei snittvekt på nesten 5,9 kilo, skriv selskapet. Foto: Flokenes Fiskefarm.

- Leverer ein svært sterk produksjon

Flokenes Fiskefarm melder at dei leverer ein svært sterk lakseproduksjon av høst-19 generasjonen sin. 

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

På Facebook melder selskapet at natt til tirsdag denne veka vart siste rest av Høst-19 generasjonen sendt avgårde til slakt med brønnbåten Robas.

- Til tross for sviktande lakseprisar den siste tida, har me likevel klart å levere eit godt resultat med ein svært sterk produksjon. Dei siste 130 tonna frå merd 5 som blei levert i natt hadde ei snittvekt på nesten 5,9 kg. Dette er veldig bra med tanke på at dette er ei merd som det har vore sortert ut stor fisk ifrå to gongar tidlegare, påpeikar selskapet. 

Fôrfaktoren for denne merda endte på 1,11, mens den endelege fôrfaktoren for heile H-19 generasjonen endte på 1,12.

Totalt er det levert i overkant 1820 tonn laks til slakt frå lokaliteten Skorva, skriv selskapet. 

Les fleire sakar om oppdrettsselskapet her.