Laksesild er en av de mest vanlige mesopelagiske fiskeartene i Norskehavet. Foto: Havforskningsinstituttet/Rupert Wienerroither.

Liten dypvannsfisk kan bli viktig fôringrediens

Meir utnytting og bruk av mesopelagisk fisk, meinar Siv Østervold i Hordafor er nøkkelen til økt berekraft i havbruk og fôrnæringa.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Sjømat Norge har i planen #Sjømat2030 utvikla seks ulike berekraftsmål.

Siv Østervold tok i sitt foredrag under Sjømat Norges sin årskonferanse i Ålesund onsdag, opp korleis råstoff til fôr kan nyttast i å bidra til meir berekraft frem mot år 2030.

- Me ser at me manglar berekraftige proteinkjelder, som ikkje konkurrerer med menneskemat. Me må nytta heile fiskeressursen, få meir vidareforedling i Noreg, samt me må nytta heile bifangsten.

- Me har også eit spanande og enormt stort unytta potensiale i mesopelagisk fisk som kan nyttast til marine råvarer, la ho til. 

Siv Østervold, dagleg leiar i Hordafor meiner havbruksnæringa og fôrselskapa bør sjå på meir bruk av mesopelagisk fisk for å gi auka berekraft. Foto: Therese Soltveit.

- Bruk heile fisken

Det viktigaste for å få dette til meina ho bør vera å få heile fisken til lands, og bruka alle tilgjengelege resursar for å finna gode løysningar for å få mesopelagisk fisk inn i lakseverdikjeda.

- Både fordi det er det rette å gjere, og fordi me manglar berekraftige marine proteina og olja.

Hordafor produserer fiskeolje og hydrolysert marint protein til bruk i norsk, asiatisk og europeisk fôrindustri.

Havforskningsinstituttet skriv at «det fins truleg 10 000 millioner tonn mesopelagisk fisk i verdshava – 100 gonger meir enn mengden villfisk som høstast kvart år».     

Mesopelagiske organismar:

  • Er ein samla betegnelse på dyra som lev mesopelagisk – av gresk meso ‘i midten’ og pelagisk ‘som finnast i eller er i ope hav’ (200 til 1000 meter).
  • Dyresamfunnet her består av fisk og mange ulike evertebrater (manetar, planktoniske krepsdyr, reker, krill, og blekksprut) – som utgjer ein enorm reserve for marint protein og fett.
  • Det er gjort mange forsøk på kommersiell utvinning, men så langt er det ikkje etablert noko lønnsamt fiskeri. Kjelde: Havforskningsinstituttet. 

Professor Dag Aksnes seier i ein forskning.no sak at han trur at oppfatningen om kva som kan verte fiskefôr, fiskeoljer og fiskeprodukter for oss mennesker må endrast for å sikre berekraftige uttak.

“ Vi kan bli nødt til å fiske på bestander som står lavere i næringskjeden, for å skaffe nok mat fra havet til stadig flere folk på jorden. Da er det store omfanget av mesopelagiske fisker en åpenbar mulighet”, sa han til nettsida.