Laks som hopper i merd. Illustrasjonsfoto.

Lokalitetskamp i Sogn og Fjordane

Fire selskap der tre kjem frå Hordaland, ynskjer å etablere drift på den same lokaliteten i Bremanger.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Tre lokaleigde lakseoppdrettsselskap i Austevoll søkjer om løyve til lakseoppdrett ved Frøysjøen i Bremanger, ettersom dei fryktar sjukdomsproblem i eigen region. Marine Harvest har og ynskje om å sikra seg ny oppdrettslokalitet i Frøysjøen ved Berle i konkurranse med dei tre Austevoll-firma. Det skriv Firdaposten.

– Dersom vi får løyve til denne lokaliteten vil det gjere det mogleg for oss å ta del i den framtidige veksten og utviklinga i næringa. Det vil også skape 4-5 nye lokale arbeidsplassar i Bremanger, skriv Karsten Inge Møgster i Langøylaks i søknaden ifølgje avisa.

Viss det går i orden blir det hovudlokalitet for dei tre Austevoll-selskapa med utsett i 2019, ved Skipperdalen i Berle.

Marine Harvest har derimot drive eit oppdrettsanlegg ved Gulestø på sørsida av Frøysjøen i mange år allereie og ser på lokaliteten på nordsida av Frøysjøen som en mogleg integrert del av si drift med planlagde brakkleggingar, skriv avisa.

I følgje søknaden skriv avisa at Marine Harvest ser det som viktig å sikre at andre aktørar ikkje etablerer seg nærområdet.

Kyst.no har ikke lykkast å kome i kontakt med Marine Harvest for kommentar til saka.