Øyvind Kråkås starta Havbrukspartner for eitt år sidan. Han har mange tankar rundt kva som bør oppta havbruksnæringa. Foto: Magnus Petersen.

Ber næringa ta grep: - Mange er for lite opptekne av trafikklyssystemet

Øyvind Kråkås frå Havbrukspartner, er redd for at altfor mange oppdretterar tenkjer at det ikkje er så galt å redusere med 6 %. - Tenkjer ein slik må ein bruke sommaren til å ta ein sommarskule i matematikk.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

I mai i fjor starta Øyvind Kråkås Havbrukspartner saman med veteranane Arild Hagenes og Johny Kjempenæs, med mål om å bidra med kunnskap og erfaringar frå dei fleste ledd av lakseproduksjonen. Han fortel til Kyst.no at Havbrukspartner vart starta ut av interessa for å byggje opp ei verksemd med utgangspunkt i behov som dei såg i næringa.  

- Å starte eit nytt selskap er krevjande og interessant. Ein brukar mykje tid på innsal, og må vere godt på marknadstilpassing. Etter kvart som ein ser resultat av arbeidet som blir lagt ned, er det veldig moro, summerar han om året som har gått.

Selskapet har sidan start hatt ei utvikling som forventa, der målet er å byggje seg opp gradvis.

- Innhald og form endrar seg etter dei behova som syner seg. Me satsar tungt på tilgjengelegheit og kjapp respons, fordi vi meiner det vil gjere oss mest mogleg nyttige over tid. Det har ikkje noko føre seg at me sit og legger store planar internt, og so blir det heilt andre ting som er viktige hos kundane.

Slik ser kysten ut etter den fyrste vurderinga innan trafikklyssystemet. Biomassereduksjon vil skje i 2019 i raude områder, dersom dei ikkje endrar farge. Illustrasjon Fiskeridirektoratet.

Vil opplyse folk om trafikklyskonsekvenser

Før jul meinte Kråkås at trafikklyssystemet ville skape spørsmål og problemstillingar i år. Det vart ikkje heilt slik han hadde trudd.

- Sant å seie trur eg mange er altfor lite opptekne av trafikklyssystemet nett no. Dei ventar på neste trekk utan å setje seg inn i kva det vil få å seie for deira bedrift. For dei som ligg med all sin produksjon i raude område, kan ein knapt ta dette alvorleg nok, slår han fast.

Kråkås trur ikkje folk er klar over kor viktig trafikklysene er for framtida til havbruksnæringa. Spesielt for dei mindre oppdrettselskapa. 

- Me jobbar saman med juristar for å kunne opplyse folk best mogleg kring desse problemstillingane. I tillegg tek me oppdrag med å analysere konsekvensane for den enkelte verksemd. Der vil oppstå ein enorm divisjonsforskjell mellom dei som får vekse og dei som eventuelt må redusere produksjonen, påpeikar han.

Han er redd for at altfor mange oppdrettara anten stolar på at regjeringa vil bøye av, eller at oppdrettarane tenkjer at det ikkje er så galt å redusere 6 %, då dei gjerne ikkje brukar heile MTB per i dag. 

- Tenkjer ein slik må ein bruke sommaren til å ta ein sommarskule i matematikk. Det er ikkje produksjonen som reduserast, det er MTBen. Alle som når opp i MTB-taket, vil difor gjerne få ein volumnedgang større enn 6 %. Samstudes stig andre 6 %. Det blir vanskelig å nå igjen dei som no rykker ifrå med vekst. Kvart selskap bør få oversikta over konsekvensene lysa vil ha å seie for eiga verksemd.

- Slaktebåt kan bli ein revolusjon

Han opplever og at både PD og gjelleproblematikk har vore meir krevjande for næringa den siste tida, enn det har vore på ei stund.

-  Ny vaksine kan bli svært viktig i kampen mot PD. So må jo næringa og styresmaktene bli einige om mål og midlar, og definere kva som er godt nok i PD-kampen. Om ein skal bekjempe smitte må ein vere temmeleg konsekvent på dei tiltaka ein går for. Eg vil og slå eit slag for selskapet til styreleiaren vår, Havline. «Norwegian Gannet» kan bli ein revolusjon innanfor smittehygienisk slakting og transport, seier han.

Han legg til at dei tilsette i Havbrukspartnar heile tida må være godt orienterte om regelverk rundt arealbruk og drift, slik at dei er rusta til å hjelpe til der det trengs.

- Her er det mykje arbeid, og det binder opp altfor mykje kapasitet i mange selskap. Mange ynskjer å setje vekk slike oppgåver eksternt. So har vi heile tida kontakt med ei rekke aktørar som ynskjer hjelp med ulike ting. Me er disponible for kunden, og kastar oss på moglegheiter som oppstår. Samstundes jobbar me systematisk og kontinuerleg for våre partnarar.

- Kva har vore mest utfordrande ved etablering av selskapet?

- Den økonomiske usikkerheita er alltid krevjande når ein driv for seg sjølv, og gjerne spesielt i ein oppstartsfase. Då er det og lite rom for å ta ut løn. Men me ser langsiktig på det. Arbeidsglede og interesse for næringa står sterkt hos oss.

I samanlikning med andre verksemder i ein oppstartsperiode, meiner han likevel dei har hatt det godt i Havbrukspartner.

-  Eg vil gjerne takke næringa for å ha teke godt imot oss. Me har fått mange oppdrag og ser fram til fortsettinga, seier Kråkås.