Måløy gjestehamn. Foto_: Wikipedia.

Marint Vekstforum vil syne fram Måløy

Salmon Group melder at Marint Vekstforum den  11. februar inviterer på ekskursjon til nokre av sjømatbedriftene i Måløy.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Coast Seafood er ein av dei største suksesshistoriene i norsk fiskeeksport, Selstad har vakse seg store på nøter og utstyr, og Nergård opnar ny produksjon i ein bransje der ein lenge berre har snakka om nedlegging og færre anlegg. Dette skulle vere interessant for dei fleste med eit engasjement for marin næring. Dessutan vil vi besøkje Måløy Vidaregåande Skule, som er plassen for marin og maritim utdanning i fylket.

Turen er lagt opp slik at ein kan kome med ekspressbåten frå Bergen om morgonen. Det vert og lagt opp til felles middag om kvelden, so ein oppmodar tilreisande om å bli over til neste dag. Mykje godt kan kome ut av ein prat ilag i seine kveldstimar. Dei lokale verksemdene vil vere verstskap og bli med under middagen.

Vi håpar mange er interesserte i å bli med og få ei oppdatering på kva som skjer i fiskenæringane i Måløy. Vi vil kome med detaljert program til dei påmelde.

Meir ino og påmelding finn du her.