Illustrasjonsfoto: Sushi.

Mattilsynet fann manglar hos 6 av 10 verksemder

I ein kontroll av 85 produsentar som lagar sjømat som ikkje skal varmebehandlast før forbrukaren et den – slik som til dømes røykt fisk, fisk til sushi og kokt skaldyr - fann Mattilsynet manglar hos 6 av 10 verksemder.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

I 2016 ble 85 produsentar av spiseklar sjømat, dvs. sjømat som ikkje skal varmebehandlast før ein et denover heile landet, undersøkt for rutinar for prøvetaking av Listeria i produkt og lokale, parasittkontroll og internkontrollsystem.

Alt var i orden hos 28 verksemder, 6 hadde mindre manglar der det var påpeikt plikt, medan hos 51 vart det funne manglar som enda med varsel eller vedtak.  Ingen stengd eller gitt omsetjingsforbod grunna mogleg helsefare.

Dei fleste avdekka manglane knytt til dårlege rutinar for listeriaprøvetaking og manglande internkontroll.

Nokre produsentar hadde dårlege vedlikehaldsrutinar, fare for kryssforureining, dårleg reinhald. Få manglar på parasittkontroll.

Les hele rapporten her.