Steinbit i lengdestrømsrenne

Mista ein tredel av fisken

Omlag 40 til 50 tonn av fisken til Tomma Marinfisk gjekk tapt då tre pumper som tar inn sjøvatn stoppa opp fredag, skriv hblad.no.

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Tomma Marinfisk på Helgeland produserar steinbit i lengdestrømsrenne og sterk reduksjon i vassføringa då pumpene stoppa, gav for lite oksygen i vatnet. Dei tilsette har jobba heile helga for å redde resten av fisken. Det er starta opp ei reserveleidning for inntak av sjøvatn og selskapet har lånt vasspumpe frå brannvesenet. I tillegg har ein brønnbåt lagt i beredskap, skriv hblad.no. I fylgje dagleg leiar Tarjei Østrem i Tomma Marinfisk gjekk omlag ein tredel av fisken i anlegget tapt då pumpene stoppa, men han veit ikkje korleis det vil gå med den fisken som overlevde. Dei neste tre vekene vil vise om også den har tatt skade av ein periode med lite oksygen i vatnet.

Steinbit i lengdestrømsrenne (Rettighetshaver: Kari Johanna Tveit)