Bolaks lokaliteten Oterstegdalen. Fotoillustrasjon: Barentswatch.

Mistanke om storrømming hjå Bolaks

Så langt er det gjenfiska omlag 600 laks etter rømminga på lokaliteten Oterstegdalen i Fusa, tilhøyrande Bolaks. Ei stor rift i nota tyder på at det kan vere snakk om ei stor rømming, ifølgje Fiskeridirektoratet.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Leni Marie Lisæther i Fiskeridirektoratet seier årsaka til rømminga skuldast ei to gongar tre meter stor rift, 30 meter nede i merda. Foto: LinkedIn.

Bolaks starta utan opphald med gjenfangst etter at lakserømming vart oppdaga onsdag. Fiskeridirektoratet melder at gjenfangst no er utvida då dei mistenker ei større rømming.

– Førebels er gjenfangstsperioden sett til niande februar og Bolaks AS har avtale med lokale fiskarar som handterer dette. Det er også etablert eit mottak på Lammaneset i Fusa, seier seksjonssjef Leni Marie Lisæter i Fiskeridirektoratet region Vest i ei pressemelding.

Laks på 3-6 kilo

Den rømte laksen var på storleiken mellom tre og seks kilo. Måndag var tilsynspersonell frå Fiskeridirektoratet region Vest på inspeksjon på anlegget, men det er for tidleg å seie noko klart om årsaka til rømminga.

– Etter tips frå ein yrkesfiskar i nærleiken som hadde fått laks i garnet vart anlegget undersøkt med undervasskamera sist onsdag. Då vart det avdekt ei to gongar tre meter stor rivne 30 meter nede i merda. Rivna vart bøtt av dykkar, men vi veit ikkje kor lenge fisken kunne rømme før merda vart reparert. Truleg har skaden oppstått i samband med avlusing av fisk på anlegget måndag 29. januar, seier Lisæter.

Les også: Fire rømminger på Vestlandet

- Intern gransking

På lokaliteten var det veke 4 rapportert over 1 voksen holus i snitt. Talet i førre veke var på 0,005 voksne holus.

Administrerande direktør Bjørg Mette Holmefjord Antonsen seier til Kyst.no, at dei no er midt i ei intern granskning av hendinga, i samarbeid med Fiskeridirektoratet.

- Dette arbeidet er prioritert, og vil pågå ytterligare nokre dagar til, seier Antonsen.

Les også: Ny lakserømming – denne gang fra Marine Harvest

Ynskjer tips

Det vil bli gjort ny vurdering om iverksetting av ytterlegare tiltak når gjenfangstperioden er avslutta niande februar.

Fiskeridirektoratet ynskjer no tips om hendinga. Tips kan ringast inn på direktoratets døgnopne vaktsentral på 55 23 83 37 / 911 03 277.