Møre og Romsdal Fylkeskommune informerar om lakselus-problematikken

Denne hausten har det vore ein stor auke i talet på lakselus. Dette rammar den ville bestanden av laks og aure og er den største avgrensande faktoren for oppdrettsnæringa. Som ansvarleg for tildelinga av oppdrettslokalitetar, ønskjer Møre og Romsdal fylkeskommune å bidra med informasjon og kunnskap, skriv  Fylkeskommunen.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Tysdag 17. november arrangerte Møre og Romsdal fylkeskommune eit fagseminar om lakselus. Det vart spesielt sett på situasjonen i Romsdalsfjorden. I tillegg vart det informert om kva som blir gjort nasjonalt og lokalt. Tilstade på møtet var Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Fiskeridirektoratet, Mattilsynet, Møre og Romsdal fylkeskommune og Kystverket. Kommunane Rauma, Molde, Vestnes og Misund, som alle er ein del av Romsdalsfjorden, var òg til stades. Det same var næringsaktørar og interesseorganisasjonar for villaks.

-Det finst ikkje eit heilt klart svar på kvifor lusesituasjonen i fylket har blitt så alvorleg. Både klimatiske forhold, redusert effekt av avlusingsmidlar grunna resistens og at det står mykje stor laks i vatnet i haust bidrar til gode vekstforhold for laskelusa, seier rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Rebekka Varne på fylkeskommunens heimesider.

Kva blir gjort for å betre situasjonen?

-Både forskingsmiljø og næringa sjølv jobbar intenst med å utvikle ikkje-medikamentelle metodar som kan handtere mengda lus. Til nå har ein ikkje funne ein metode som fungere like godt som bruk av avlusingsmidlar. Men bruk av fleire metodar saman ser ut til å halde lusenivået nede i mindre anlegg, dette jobbast det og med å få det til i større anlegg. Utviklinga av lukka merdar er i full gang, men den mest realistiske bruken no er å bruke denne teknologien på å lage postsmolt. Då vil laksen vere mykje større før ein set den ut i opne merdar og ei minska tid i vatnet vil minske moglegheita for lusepåslag. Bruk av reinsefisk er kan være effektivt, særleg på mindre laks, men ei auka kunnskap og erfaring om dei forskjellige typane reinsefisk gjer at ein og ser effektiv avlusing på større fisk, seier Varne.