Nifes: Ingen overskridingar av grenseverdier

Analysane av norsk oppdrettsfisk i 2015 viste ingen overskridingar av gjeldande grenseverdi, men det vart funne spor av lusemiddel i ein høgare prosentdel av prøvane i år enn tidlegare år. Mattryggleiken vert vurdert som god.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Som ein del av arbeidet med å sjekke om norsk oppdrettsfisk er trygg å ete, har Noreg eit kontrollsystem, i samsvar med EU sine retningslinjer. Mattilsynet har ansvaret for det norske kontrollsystemet, og tek kvart år prøver av ei stor mengde oppdrettsfisk. NIFES undersøkjer desse prøvene for ulovlege og uønskte stoff og rapporterer resultata til Mattilsynet. Prøvene som blir analyserte for ulovlege stoff vert samla inn gjennom heile livsløpet til fisken, medan prøver som vert undersøkt for restar av lovlege legemiddel, blir valde ut på slakteriet, og er representative for fisk som er klar til konsum. Kvar samleprøve består av fem fisk frå same merd, og resultatet blir sett på som representativt for den aktuelle merden.

Legemiddel

944 samleprøver vart undersøkte for lovlege legemiddel. Dei einaste stoffa som blei funne i målbare mengder i prøvane, var middel brukt mot lakselus. Alle prøvane var under grenseverdiane, og det er difor ikkje fare for mattryggleiken.

44 prøver vart undersøkte for cypermetrin, 133 for emamektin og 128 for diflubenzuron. Alle desse er stoff som blir brukt mot lakselus. Det vart påvist cypermetrin i 7 samleprøver, der den høgste verdien som vart målt var 21 ng/g, medan gjeldande grenseverdi er på 50 ng/g. I åtte samleprøver vart det funne emamektin. Her var det høgste påviselege nivået 32 ng/g, medan grenseverdien er på 100 ng/g. Det vart òg funne restar av diflubenzuron i 6 analyserte samleprøver. Gjeldande grenseverdi her er 1000 ng/g, medan det høgste nivået som vart funne var 14 ng/g.

Det vart ikkje påvist antibiotika eller legemiddel mot innvolsparasittar i nokre av prøvene.

Ulovlege stoff

883 samleprøver vart undersøkte for ulovlege stoff. Det vart påvist krystallfiolett i seks samleprøvar som alle kom frå same anlegg. Den eine prøven var ein rutineanalyse, mens dei andre vart analysert på grunn av mistanke. Ved bruk av krystallfiolett i behandling av laks vil stoffet hurtig verte omdanna til leukokrystallfiolett i fisken, men i dei undersøkte prøvene vart leukoformen berre funne i svært låge nivå. I prøvane som vart tekne på slakteriet tre månadar seinare, vart krystallfiolett ikkje påvist. Funna av krystallfiolett vart rapportert til Mattilsynet, som har konkludert med at prøvane vart forureina under prøveuttak på oppdrettsanlegget. Krystallfiolett er eit stoff som hemmar vekst av bakteriar og sopp.

Ingen andre ulovlege stoff vart funne.

God mattryggleik

Basert på dei førebelse resultata frå 2015 vert mattryggleiken vurdert som god for oppdrettsfisk, noko som er i samsvar med resultat frå tidlegare år.

Les saker om fortsatt høgt forbruk av lakselusmiddel frå Folkehelseinstituttet og Mattilsynet