No kan du følje med på lakselusa

- No kan alle som vil få sjå kvar lakselusa er langs kysten og i fjordane våre. Forskarane har i ei tid brukt modellar som kan minne om vêrvarsling til å følgje med på lusa, no vert dei same karta tilgjengelige for alle via nettsidene våre, melder Havforskningsinstituttet (HI).

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Ved hjelp av karta kan ein sjå kva område som har høgt og lavt smittepress av lakselus som er i det smittsame kopepodittstadiet. Dersom det til dømes ligg eit oppdrettsanlegg i eit område der det er høgt smittepress, er det sannsynleg at fisken i anlegget blir smitta og at ein etter nokre dagar (når lusa har vakse seg så stor at den blir synleg) kan sjå at fisken har fått lus, melder Havforskningsinstituttet (HI) i ei pressemelding.

- Ein må likevel tenkje på at modellen ikkje er 100 % sikker. Kvar rute i modellen er 800 x 800 meter så lusene kan drive rett forbi eit anlegg utan å kome i kontakt med fisken, og lusene kan òg vere i eit område/firkant ved sidan av der den i følgje kartet skal vere, fortel Ørjan Karlsen som er prosjektleiar for den nasjonale overvakinga av lakselus.

Sjå kartet og prøv animasjonen

- Modellresultata representerer uansett eit godt og viktig hjelpemiddel når smittepresset frå lakselus på villfisk skal vurderast. Modellen blir alt brukt av forskarane til å undersøkje kva område det er høgt og lågt smittepress i når dei skal avgjere kvar stasjonane for feltarbeidet skal vere. Resultata frå feltarbeidet vert igjen brukt til å verifisere modellen. Til no har det vore godt samsvar, forklarar HI.

Viser ikkje smittekjelden

Karlsen er klar på at det ikkje er mogeleg å finne smittekjelden via modellen. Det kjem av at lakselusa ikkje er smittsam i perioden rett etter klekking. I denne perioden vert lusa frakta med straumen. Lakselus er eit skaldyr, og etter kvart som den veks skiftar den skal fleire gonger og den endrar også form. Tempoet på utviklinga er avhengig av temperaturen, høg temperatur gjer raskare utvikling enn låg. I modellen vert det teke omsyn til både temperatur og straumforhold.

Forseinking på 10 dagar

- På karta kan ein sjå det totalt talet på lakseluslarvar (kopepodittar) per kvadratmeter for ein periode på 10 dagar. Kartet vert oppdatert kvar 10. dag og vert publiserte ei veke på etterskot. I tillegg til at ein kan sjå utviklinga av mengda smittsam lakselus langs heile kysten veke for veke sidan april, kan ein få summert opp utviklinga av tall på lakselus innan kvart av dei føreslegne produksjonsområda, opplysar HI.