Stabil yngelproduksjon er ein suksessfaktor i kveiteoppdrett. Forskar Birgitta Norberg viser fram yngel til den svenske statsministeren Stefan Löven, den finske statsministeren Juha Sipilä og vår eigen statsminister Erna Solberg. Foto: Erlend Astad Lorentzen.

Nordiske statsministrar lærte om kveiteoppdrett

Norsk kveiteoppdrett er i vekst. At det no går rette vegen, er mykje takk vere pionerforskinga som er gjort på Austevoll Forskingsstasjon over fleire tiår.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

– Det er spennande å kunna visa mine nordiske kollegaer, som ikkje er så vande med denne næringa og havet sett på denne måten, kor mykje vi satsar på hav, seier statsminister Erna Solberg, som er vertskap når Nordisk ministerråd besøker Bergen i ei pressemelding frå Havforskningsinstituttet.

Frå yngel til vaksen fisk

På Forskingsstasjonen Austevoll vart dei fem ministrane mottekne av havforskingsdirektør Sissel Rogne, som hadde eit stramt program å by på. Mest merksemd vekte kan henda dei store stamkveitene som er produsert på Austevoll. Ministrane fekk nærmast følgja heile livslaupet til kveitene; dei fekk treffa små, to månader gammal yngel, ungfisk og dei vaksne hokveitene som har levd i mange år allereie. Levandefôr, som vert dyrka på stasjonen, vart også vist fram.

Fokus på bærekraft

Nettopp å finna riktig fôr til kveitelarvene har vore ein av baugane for ein stabil yngelproduksjon, fortel forskar Birgitta Norberg, som guida ministrane gjennom historia til kveiteforskinga.

– Vi har klart å halda oppe basiskompetansen på kveite; også dei åra då næringa låg nesten brakk. Det gjer at vi raskt har kunna snu oss rundt, og trappa opp igjen aktiviteten når behovet har meldt seg, seier Birgitta Norberg, som også trekkjer fram det sterke berekraftfokuset som no pregar forskinga på kveiteoppdrett.

Lofoten og Vesterålen

På rundturen fekk gjesten også eit innblikk i dei siste resultata frå hyseforskinga som er gjort på Havforskingsinstituttet. Forsøk har vist at hyseegg tar stor skade av sjølv små mikrodråpar av olje. Det skuldast at eggeskala til hyseegg er meir klebrige enn andre fiskeegg.

– Dette er ein del av kunnskapsgrunnlaget som gjer at Havforskingsinstituttet rår frå oljeboring i Lofoten og Vesterålen, og det opplyste eg til ministrane. Dei var særs lydhøyre for alt vi hadde å fortelja, seier Birgitta Norberg.

På Austevoll fekk ministrane også høyra forskar Tina Kutti fortelja om korallførekomstar i norske fjordar, og om havforsuring. Forskar Lars Helge Stien orienterte om ulike oppdrettsprosjekt, og viste fram laksen som går i forsøksmerdane på stasjonen.

Besøket vart avslutta med at dei nordiske ministrane lanserte eit globalt initiativ for å fremja FNs berekraftsmål.