Frå venstre: Styreleiar Jonny Atle Marøy, påtroppande Adm. dir. Richard Cornell, avtroppande dagleg leiar Steinar Holen i Østerbø Maskin AS. Foto: Østerbø Maskin AS.

Ny administrerande direktør i Østerbø Maskin

Østerbø Maskin har fått ny administrerande direktør. – Eg har stor sans for reisa Østerbø har starta på, seier Richard Cornell.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

- Vi er svært glade for at vi no får ein ny dyktig og erfaren administrerande direktør. Richard Cornell er den mannen Østerbø treng for å ta steget vidare med våre vekstambisjonar, seier styreleiar Jonny Atle Marøy i ei pressemelding.

Selskapet fortel at Richard Cornell er i dag regional manager i Veltec AS med base på Mongstad. Han fortel videre at han ser med glede på å ta fatt på ny jobb i Østerbø Maskin rundt påsketider 2020.

– Eg har stor sans for reisa Østerbø har starta på. Her er dyktige tilsette, ambisjonar og eigarar som ynsjer vidare vekst. No sist med oppkjøp av Meland Elektro. Dette er ein sjanse eg ikkje kunne gå glipp av, seier Cornell.

Med seg har han solid erfaring innan fagfelta til Østerbø Maskin

– Vi ser at Richard har akkurat den erfaringa med å bygge opp selskap som vi var på jakt etter. Med han med på laget kan Østerbø levere litande løysingar til endå fleire kundar enn i dag, seier styreleiaren i meldinga.