Illustrasjonsfoto av stålanlegg: Linn Therese Skår Hosteland.

Ny dagleg leiar i Salmon Group

Salmon Group melder dei er svært nøgde med å kunne presentere Anne-Kristine Øen som nye administrerande direktør.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

- Vi har hatt ein god og grundig prosess fram mot denne avgjerda, og er svært nøgde med at Anne-Kristine har takka ja til oppgåva, seier styreleiar Erik Osland i ei pressemelding.

Anne-Kristine Øen er ny dagleg leiar i Salmon Group. Foto: Privat/LinkedIn

Ho har lang og brei erfaring både frå næringa og med nettverksarbeid, og kjem frå stillinga som leiar for Maritimt Forum Bergen. Før det var ho kommunikasjonssjef i Marine Harvest.

- Styret i Salmon Group har vektlagt Øen sin entusiasme, kunnskap og erfaring når vi har valt ho som vår neste leiar. Vi er trygge på at ho blir godt motteken av aksjonærane i nettverket, seier Osland.

Ho vil ifølge pressemeldinga  tiltre stillinga første mai.