Gå til innhold
Annonse
Sulefisk
Sulefisk

Styret i Sulefisk AS saman med Sol Smolt AS har tilsett ny dagleg leiar etter Jostein Kråkås sin bortgang. Michael Niesar har takka ja til stillinga og tek til 1.desember 2013.

Annonse

Michael Niesar er busett i Solund og har arbeidd i Sulefisk AS frå 2001, men har dei siste åra vore tilsett i Marine Harvest, skriv Salmongroup i ei pressemelding.

Fram til 1.desember vil styreleiar Sveinung Kråkås fungere som dagleg leiar i nært samarbeid med Øystein Espeland, Eivind Espeland og Bjørn Trovåg.