Thord Monsen, kontrollsjef, Fiskeridirektoratet

Ny kontrollsjef i Fiskeridirektoratet

Denne veka fekk kontrollseksjonen ny sjef; Thord Monsen kjem til stillinga frå reguleringsseksjonen ved ressursavdelinga.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Thord Monsen er ny kontrollsjef i Fiskeridirektoratet. Foto: Tom Børslid / Flickr

– Min bakgrunn frå reguleringsseksjonen har gjeve meg innblikk i deler av kontrollarbeidet, og eg har allereie gjort meg nokre tankar om ting som kan utviklast, seier Monsen.

Vil kartleggje forventingane

For den nye kontrollsjefen er det viktig å kartleggje forventingane til seksjonen.

Dette gjeld både interne forventingar og forventingar frå våre samarbeidspartar og frå fiskerinæringa.

– For at forventingar til kontrollseksjonen og vårt arbeid skal verte innfridd er det viktig at desse forventingane vert kommuniserte til seksjonen. Så får vi heller ha ein dialog om kva som er realistisk å få til, fortel Monsen.

Seksjonssjefen ynskjer å ta seg tid til å bli kjent med området, men samtidig bevare det «nye blikket» på området.

– Norsk ressurskontroll er i verdsklasse, samanlikna med andre land. Men utviklinga internasjonalt går fort, og vi må bruke erfaring frå internasjonalt arbeid og ta lærdom av nytenking og impulsar derifrå for å møte nasjonale utfordringar. Samtidig er det viktig å vere der fiskeriaktiviteten skjer, meiner Monsen.

Vil satse på FMC

Fiskeria og reguleringane er dynamiske, difor må kontrollarbeidet også vere dynamisk. Det er viktig å vere opne for nye tankar, løysingar og måtar å sjå ting på, og ha dialog og samarbeid med alle partar vi er i kontakt med.

– Vidareutvikling av FMC (Fisheries Monitoring Centre), som er Fiskeridirektoratets døgnopne vaktsentral, vil vere ei viktig oppgåve framover. FMC skal bli eit sentralt kontrollsenter med stor fokus på analyse av tilgjengelege data, som skal brukast av kontrollørar og inspektørar. Til dette treng vi meir IT-/systemkompetanse, som gjer direktoratet i stand til å utnytte tilgjengelege data på ein best mulig måte, fortel Monsen.

Effektiv kontroll er målet

Målet er ikkje å kontrollere meir, men å kontrollere rett og etter risikovurdering treffe dei objekta som ikkje følgjer regelverket. Kvalitet er viktigare enn kvantitet.

– Noreg har ein lang kyst, og skal vi dekke den må vi bruke ressursar og teknologi på best mulig og effektiv måte. Eg håpar at eg kan bringe med meg glød og samarbeidsvilje inn i dei nye oppgåvene mine, avsluttar Monsen.

Les også: Mistenker ikke urapportert rømming i Salangen

Les også: Stor interesse for grønne konsesjoner