Flokenes Fiskefarm har fått seg ein ny lokalitetsbåt. Foto: Flokenes Fiskefarm.

Ny lokalitetsbåt kalla opp etter historisk spikerbåt

Flokenes Fiskefarm har kjøpt ein ny arbeidsbåt som skal utføre dagleg røkting. Namnet "Prowess" kjem etter ein lokal spikerbåt som sank etter krigen.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Lokaliteten Dyvika ligg på sørsida av Førdefjorden vis-a-vis Vevring og like utanfor grensa til den nasjonale laksefjorden. Foto: Flokenes Fiskefarm.

Flokenes Fiskefarm har nyleg fått på plass sin nye lokalitetsbåt. Båten skal stasjonerast i Kvammen og skal brukast på lokaliteten Dyvika som har vore i bruk sidan 1994, og kan berre nåast med båt.

Båten er 8,5 lang x 3,30 bred, og produsenten  er Tobias Produksjon AS, frå Austrheim i Hordaland.

Dagleg leiar Ingvar Osland seier dei totalt har fem fartøy i flåten.

- Me har no kjøpt ein båt av typen Tobias 28 Admiral. Dette er ein standard røktarbåt og skal utføre det daglege røktararbeidet på lokaliteten, fortel han.

Tobias arbeidsbåtane er ifølge produsenten berekna for mange oppgåver, og er dimensjoner for å tåla påkjenningar gjennom hardt vær og tøff bruk.

Historie bak namnet

Fartøyet sitt namn har fortel Osland har ei lang historie bak seg.

- Vi valte å gje navnet «Prowess» til vårt nye fartøy, som heidrar eit lokalt historisk fartøy. Inne på Kvammen i Sunnfjord ligg ein gamal trebåt som var bygd i Portugal som minesveipar og brukt under krigen.

- Etter krigen grunnstøtte den ved Askvoll undervegs til Finnmark med ei last med spikar. Ein lokal dykkar som heitte Aalen kjøpte då båten og heva den. Spikerlasta vart seld, men båten vart liggande på eit nes ved Kvammen og ligg der i dag også som eit monument. Lokalt er den omtala som «spikerbåten» eller «Prowessen», fortel han.

Les meir om den gamle trebåten her. 

  • Flokenes Fiskefarm har to konsesjonar og driv matfiskprodusjon av laks på to lokalitetar i ytre del av fjorden i Askvoll kommune, og har vore lokalisert der sidan 1984.
  • Den årlege produksjonen deira ligg på ca 2000 tonn laks.
  • Antall tilsette i selskapet er sju stykker.