Kjetil Haktorson byrja på golvet i 1994, men er no tilsett som ny slakterisjef på Viking Fjord AS på Sunde. Foto: Marius Tveit Nissestad/Grenda lokalavis.

Ny slakterisjef ved Viking Fjord

Kjetil Haktorson har teke over som slakterisjef ved Alsaker-konsernet sitt slakteri Viking Fjord AS i Sunnhordland, etter at Carl Erik Arnesen gjekk av i desember.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kjetil Haktorson frå Valen er no tilsett som ny slakterisjef på Viking Fjord AS på Sunde i Kvinnherad kommune. Han gjekk i desember over i den nye stillinga, etter å ha vore produksjonssjef i mange år.

- Eg vart spurd om å ta over når Carl Erik bestemte seg for å tre av. Då tok eg ein liten runde med leiargruppa her på bruket for å høyra kva tankar dei hadde om det, og når dei alle var gira og klare for å gje jernet vidare, vart valet mitt enkelt, seier Haktorson til lokalavisa Grenda.  (Krever abonnement).

Jobbkvardagen seier han vert ganske lik det han har vore dei siste to åra.

- Den største skilnaden er nok at eg no har eit større ansvar, og med det står som ansvarleg på papiret, smiler Haktorson.

Starta på golvet

Eit ansvar han lev godt med. For etter å ha byrja på golvet 6. juni 1994, har den høgreiste mannen figurert som leiar for kvar og ein av stasjonane som utgjer det imponerande rullebandet på bruket. Og han kan den dag i dag tre rett inn i arbeidet på merdane, i bløgginga, slaktinga eller pakkinga om det skulle vera behov for det.

- Og det synst eg er viktig. Eg er eigentleg ikkje noko tilhengjar av ein rein kontorjobb. Eg er ofte rundt nede i produksjonen for å sjå og forhøyra meg om kva som skjer. For det er viktig for meg å vita kva som skjer rundt om på dei ulike stasjonane, fortel han til Grenda.

Haktorson har nå ansvar for 65 tilsette og at produksjonen på daglege 120 tonn ferdigslakta laks går som den skal.

Grenda fekk bli med på ein runde på slakteriet på Sunde, og fekk då sjå at ikkje mindre enn ein laks i sekundet er klar til å fraktast ut frå Viking Fjord. Faktisk så produserer dei 120 tonn ferdigslakta laks kvar einaste dag. Foto: Marius Tveit Nissestad/Grenda lokalavis.