Knut Eikeland og Arne Olsen i Mercatus

Nyskapingspris til Mercatus

Under næringskonferansen «Sogn og Fjordane i Verda» vart NHOs Nyskapingspris tildelt Mercatus AS.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Mercatus AS er ein nyskapande leverandør av It-system til oppdrettsnæringa og landbruksindustrien. Dei utviklar Web-baserte produkt innan leiing og plan legging av akvakultur og landbruk. Bedrifta har hovudkontor i Florø, med regionale kontor i Skottland og Chile. Prisjuryen seier vidare at kandidaten oppfyller målsettinga med prisen som særleg legg vekt på nyskapings potensial, sunn økonomi i tillegg til å ha eit globalt / internasjonalt fokus. Juryen har bestått av styret til NHO Sogn og Fjordane som gir ei allsidig vurdering av vinnaren. Vinnaren reisar vidare til Småtinget i august for å konkurrere om Nyskapingsprisen på landsbasis. I tillegg er premien for ein slik pris eit års Sogn og Fjordane og landsforeininga Nyskapingsprisen 2007.

Salgssjef Knut Eikeland og administrerende direktør Arne Olsen (ingressbildet) mottok prisen.

I Norsk Fiskeoppdrett nr 3/2007 kan du lese ei større reportasje om Mercatus.