Illustrasjonsfoto: Nekst.

Ørna på Alden er ikkje lenger eit problem for Nekst

Nekst kartlegg og søkjer i desse dagar om 5 ulike alternative sjølokalitetar for produksjon av laks og aure i område Askvoll og Solund kommune.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Selskapet skriv i ein pressemelding at det er heilt rett at fylkesmannen har utrykt seg negative til ein av  lokalitetane med bakgrunn i hekkande havørn.

Lokaliseringa av fôrflåten, som Nekst har planlagt å plassere nærare land og meir skjerma for vær og vind, vil være ca 500 meter frå reirplassen til ørna. Havliljene og sjølve oppdrettet vil derimot ha ein avstand på over 900 meter og er derfor utanfor den kritisk sona. 

Nekst tek sjølvsagt alle innspel knytt til natur og miljø på det største alvor og vil innhente råd frå fagleg hald på dei ulike områda og finne ei løysing som både ØRNA på Alden og Nekst kan leve med.

Det skal og merkast at Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og har utrykt seg positivt i høve til Nekst si satsing med å ta i bruk ny og alternativ teknologi som kan bidra til å løyse miljøutfordringane i akvakulturnæringa knytt til m.a. rømming og lakselus.

Godt samarbeid med kommunane

Nekst sine HavLiljer er eit generisk utforma havlokalisert merdsystem, som baserer seg på grunnleggande eigenskap frå offshore / subsea-teknologi, samt det beste frå norsk oppdrettsindustri.

I samarbeid med Marine Construction AS som teknologiutviklar, og blant anna ABB, har Nekst utvikla en patenterbar løysning der merdane med en dobbel not kan senkast under ”lusebeltet” og bølgekreftene. Den korte driftstida, i kombinasjon med de nyutvikla og patentsøkte offshore merdane, vil så godt som eliminere behovet for avlusning, samt sikre mot rømming, hevdar selskapet i pressemeldinga.

Nekst har i heile prosjektet eit gjennomgåande godt samarbeid med kommunane i Sogn og Fjordane, Flora, Askvoll og Solund kommune. Industriprosjektet kan bli det største i Sogn og Fjordane på 50 år. Sogn og Fjordane fylkeskommune har handsama saka fleire gonger, og fylkesordfører Jenny Følling skriv i si uttale: «Fylkesutvalet ber om at Fiskeridirektoratet og Fiskeridepartementet medverkar til at det blir tildelt tilstrekkelege med utviklingskonsesjonar slik at prosjektet kan realiserast med full utbygging.»

Nekst sitt integrerte konseptet mellom land og sjø er eit komplett miljøkonsept som igjen vil sikre bærekraftig omstilling og et stort teknologiløft for heile den norske akvakulturnæringa, seier partner i Nekst, Kjell Audun Aasen, i ein kommentar. Det er helt i tråd med stortingets ønske om «Forutsigbar, miljømessig bærekraftig vekst i norsk laks og ørretoppdrett» (Meld St. 16 (2014-2015).