Magne Halland i Østerbø Maskin. Foto: Østerbø Maskin

Østerbø Maskin kan no tilby Fjord Hybrid

Aggregateksperten Østerbø Maskin og hybridspesialisten Fjord Maritime har inngått et samarbeid om hybridløysingar.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

- Vi ser ein aukande etterspørsel etter ei standardisert hybridløysing som kan komplettere våre litande løysningar, fortel Magne Halland i Østerbø Maskin i ei pressemelding.

Østerbø kan no levere ein samla kraftpakke med strømaggregat, hybridpakke og overvaking. Ein slik optimalisert kraftpakke er inkludert overvaking og service til både havbruksnæringa og landbasert industri.

-Stig Kalvenes er operasjonsansvarleg hos Fjord Maritime og fortel at det var naturleg for dei å inngå avtale med Østerbø.

- Kompetansen og erfaringa deira innan straumaggregat er viktig for å skape den beste totalpakken til kundane våre. Både sjølve installasjonen og serviceoppfølginga i ettertid.

Satsar på service

- Vi har alltid hatt fokus på å yte god service til kundane og med Fjord Control kan vi no tilby 24/7-service, seier Halland.

- Frå eit felles servicesenter kan vi identifisere, feilsøke og rette brorparten av potensielle serviceoppdrag. Ved hjelp av dataovervaking kan vi vere i forkant på servicefronten og hindre nedetid. Eit slikt utvida servicetilbod er det fleire av kundane våre som har etterspurt. 

Systemskap. Foto: Østerbø Maskin

Sparer kostnader og aukar levetida

Ved kjøp og installasjon av straumaggregat i kombinasjon med batteripakke, blir gangtida til aggregatet redusert til eit minimum, heilt uavhengig av energitoppar og kor ein er i produksjonen, skriv dei.

- Ein får alltid maksimalt tal kW. pr. liter drivstoff, som igjen fører til at klimagassutsleppa blir minimert. Drivstoff-forbruket og servicebehovet blir kraftig redusert. Levetida til straumaggregatet mangedoblast.

Bra for kundane

Sjølv om samarbeidet ikkje er eksklusivt, er det mange fordelar med eit slikt samarbeid.

- Østerbø Maskin sin solide erfaring med straumaggregat og Fjord Maritime sin erfaring som marknadsleiande hybridleverandør gir kundane våre ein litande kraftpakke, avsluttar Halland.