Gå til innhold
Annonse

Nye Øygarden kommune satsar på framtidsretta akvakultur

Frå venstre:  Siri Hanson frå Hordaland Fylkeskommune, Tormod Skålsvik, prosjektleiar i Akvaplan-Niva; Øystein Skofteland,  Norconsult; Råmund Skjold, kommunalsjef for tekniske tenester i nye Øygarden kommune; Gerhard Inge Storebø, spesialrådgjevar i Sund kommune; Arnt-Ivar Kverndal  prosjektleiar i Gode Sirklar og Tom Georg Indrevik, styreleiar i Gode Sirklar og varaordførar i Fjell kommune. Foto: Gode Sirklar
Frå venstre: Siri Hanson frå Hordaland Fylkeskommune, Tormod Skålsvik, prosjektleiar i Akvaplan-Niva; Øystein Skofteland, Norconsult; Råmund Skjold, kommunalsjef for tekniske tenester i nye Øygarden kommune; Gerhard Inge Storebø, spesialrådgjevar i Sund kommune; Arnt-Ivar Kverndal prosjektleiar i Gode Sirklar og Tom Georg Indrevik, styreleiar i Gode Sirklar og varaordførar i Fjell kommune. Foto: Gode Sirklar

Kommunane som skal bli den Nye Øygarden kommune har satt igang en mogleheitsanalyse for framtidsretta akvakultur, skriver Gode Sirklar i en pressemelding.

Annonse

Bakgrunn grunnen for studien er at kommunane Sund, Fjell og Øygarden som blir nye Øygarden kommune frå 2020, er i dag ein sterk havbruksregion i Hordaland.

- Havbruksæringa omset for meir enn 5 milliardar kroner årleg og sysselset direkte omlag 300 personar. Det er likavel ei oppfatning at potensialet for produksjon, bearbeiding og verdiskaping i Sund, Fjell og Øygarden er større enn det ein oppnår med dagens organisering, driftskonsept og teknologi, skrivar de.

Figuren viser Sund, Fjell og Øygarden ligg midt i produksjonsområde 3 og 4; begge med 
raudt lys i trafikklyssystemet som styrer veksten i norsk lakseoppdrett. Ilustrasjon: Gode Sirkler
Figuren viser Sund, Fjell og Øygarden ligg midt i produksjonsområde 3 og 4; begge med raudt lys i trafikklyssystemet som styrer veksten i norsk lakseoppdrett. Ilustrasjon: Gode Sirkler

Dei fortellar videre at kommunane har difor vedteke at ein skal gjennomføra ei kunnskapsbasert moglegheitsstudie for framtidsretta akvakultur.

Studien skal ifølge Gode Sirklar få fram potensialet som regionen har for framtidsretta lakseoppdrett, og korleis kommunane kan leggje betre til rette for næringa i åra som kjem.

- Dette er samstundes kommunane sitt bidrag for at produksjonsområde 3 og 4 skal kome seg over fra rødt til gult og grønt lys, skrivar dei.

Anbodskonkurranse

Gode Sirklar har på vegne av kommunane gjennomført ein anbodskonkurranse. Valet av ekstern konsulent falt på Akvaplan-Niva. Det er satt saman ei sterk fagleg prosjektgruppe med Norconsult AS, Samfunns- og næringslivsforsking (SNF) ved Noregs Handelshøgskule og Høgskulen på Vestlandet som underkonsulentar.

Mål

Målsettingane med moglegheitsstudien er i følge Gode Sirklar todelt:

  1. Skaffe fram eit kunnskapsgrunnlag som er nyttig for havbruksaktørane si drift og strategiske utvikling, og som kan sikre ei berekraftig vekst og verdiskaping
  2. Sørgja for eit kunnskapsbasert innspel til kommunane til bruk i ei proaktiv nærings- og arealplanlegging.

- På basis av moglegheitsstudien er det ei målsetting å setje i gang tiltak som kan bidra til å utløyse potensialet for framtidig verdiskaping, poengterar dei.

Organisering

Prosjektet organiserast ifølge Gode Sirklar med ei styringsgruppe.

- Styringsgruppa er satt saman av representantar frå prosjekteigarane; kommunane Sund, Fjell og Øygarden. Gode Sirklar, som er kommunane sitt felles utviklingsapparat, har det overordna prosjektansvaret, skrivar dei.

Varaordfører i Fjell kommune og styreleiar i Gode Sirklar Tom Georg Indrevik seier i ein kommentar:

- Vi er ein sterk sjømatregion, og kommunane ynskjer å leggje til rette for i vidare utvikling og vekst. Vårt viktigaste bidrag er å gje næringsaktørane føreseielege og gode rammevilkår. Tilgang til gode areal i sjø er i så måte svært viktig.Dette spennande prosjektet vil gje kommunane ein god oversikt over nå-situasjonen og samstundes gode faglege råd om korleis me kan leggje betre til rette framover! 

Innhald i moglegheitsanalysen

  1. 1. NÅ – situasjonen basert på tilgjengeleg kunnskap frå regionen
  2. Oversikt over dei viktigaste kunnskapshola og kva slags konsekvensar eller risiko det har for beskrivinga av NÅ-situasjonen
  3. Mogelegheiter og potensiale for framtidsretta akvakultur i regionen dei næraste 10 år framover, når ein tek omsyn til nye driftskonsept, ny teknologi og nye måtar å organisere drifta på
  4. Vurderingar av verdiskapingspotensialet i den havbruksbaserte verdikjeda i regionen
  5. Konsekvensar og tilrådingar for arealbruken i regionen
  6. Ein konkret handlingsplan (kort – mellomlang sikt) som syner kva som er dei viktigaste tiltaka

Har du en sak du
vil tipse oss om?

Annonse