Gå til innhold
Annonse

Fiskekvalitetsforskrifta vart den 5. januar 2007 endra slik at det no er opna for at trålfanga og snurrevadfanga fisk skal kunne isast i kar, skriv Mattilsynet.

Annonse

Fiskeri og kystdepartementet har fastsett ei forskrift om endring av kvalitetsforskrift 14. juni 1996 nr 667 om fisk og fiskevarer. Fiskekvalitetsforskrifta § 3-3. nr. 3 og § 3-7. nr 4 er endra slik at det no er opna for at trålfanga og snurrevadfanga fisk skal kunne isast i kar, samstundes som det vert stilt krav til slike kar. Næringsaktørar har i lang tid fremja behovet for å nytte kar ved ising av trålfanga fisk og har lagt fram dokumentasjon om dette for Mattilsynet. På denne bakgrunnen utarbeidde Mattilsynet forslag til endring av fiskkvalitetsforskrifta som vart sendt på høyring 27. september 2006. Forslaget fekk støtte og vart i desember 2006 sendt over til Fiskeri og kystdepartementet for klarering og fastsetting (finn høyringssamanstillinga og utkast til endringsforskrift under). Når det no i § 3-7. nr 4 er opna opp for bruk av kar ved ising av trål- og snurrevadfanga fisk i fiskekvalitetsforskrifta, vert det samstundes stilt krav til kara når det gjelde maksimal innvendig høgde, drenering av smeltevatn og krav til materiale. Den nye føresegna i § 3-3. nr. 3 som set krav til kara vil ikkje gjelde berre for trål- og snurrevadfanga fisk, men vil gjelde generelt ved oppbevaring av fersk fisk i slike kar om bord.

Annonse