Det tidligere Marine Harvest anlegget er no Osland sitt. Foto: Marine Harvest

Osland kjøper Marine Harvest anlegg

Anlegget blei overtatt av Osland 8 juni.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Osland Stamfisk kjøper Marine Harvest sitt settefiskanlegg, Sygna, lokalisert på Hermansverk i Leikanger kommune. Settefiskanlegget på Hermannsverk passar godt inn i vår satsing og oppbygging av Osland Stamfisk. Vi overtok anlegget på Hermannsverk med alle plikter og rettigheiter 8. juni klokka 12, skriv selskapet i ei pressemelding.

Sygna settefisk sine ansatte får tilbod om å bli med vidare og bli ein del av Team Osland, men vil framleis ha Hermannsverk som sin arbeidsstad.

Levere rogn heile året

Marine Harvest og Osland Havbruk har heilt sidan 2011, då vi kjøpte settefiskanlegget på Sørebø, hatt ein god dialog. Vi kjenner både anlegget på Hermannsverk og dei som jobbar der, og er trygge på at dette passar godt inn i planane til Osland Stamfisk, skriv dei.

Dei første åra vil Sygna avlaste anlegget på Sørebø med startforing av aure. Planane for Sygna er eit framtidig landanlegg for stamfisk og startforing av aure. Anlegget på Hermannsverk har unik lokalisering i forhold til biologisk risiko. Vi får no moglegheit til å halde delar av stamfiskproduksjonen på land i heile livsyklusen, noko som gir oss moglegheit til å levere rogn heile året.

Osland Stamfisk vil berømme Marine Harvest for ein ryddig og god dialog gjennom heile prosessen. Osland Stamfisk vil vidareføre den gode dialogen Marine Harvest har med kommune og lokalbefolkning, og ser fram til å utvikle Sygna på ein framtidsretta måte, avsluttar selskapet.