Elik Osland 1,5

Osland ny styreleiar i Salmon Group

Generalforsamlinga i Salmon Group valde einstemmig Erik Osland frå Bjordal til ny styreleiar i nettverket.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Erik Osland. Foto: Osland Havbruk.

Erik Osland er tredje generasjon oppdrettar, og er til dagleg leiar og eigar av selskapet Osland Havbruk AS i Høyanger kommune. Han er kjend som ein dynamisk og samlande mann, og var eit opplagt val då dei lokaleigde oppdrettsselskapa skulle velje ein ny frontkjempar for nettverket. Erik Osland har site i styret i Salmon Group sidan 2011, og overteke leiarvervet etter Jostein Kråkås som har vore styreleiar sidan nettverket vart stifta.

Jostein Kråkås har vore sjukmeld det siste halve året, og Osland har denne tida fungert som leiar. Kråkås blir sitjande i styret, og vil ta opp att arbeidet der straks han er restituert helsemessig.

- Styrking av det lokale eigarskapet i næringa er vår viktigaste sak framover, seier den nye styreleiaren i ei pressemelding. Salmon Group består av ei rekke solide og velfungerande selskap, men vi treng å få vekse og styrke oss. Det er viktig for selskapa, det er viktig for næringa og det er viktig for kyst-Noreg.