Illustrasjonsfoto: Fiskeridirektoratet.

Overvaking av vassdrag for rømt regnbogeaure er i gong

- Sjøtroll Havbruk har denne veka overvaka fleire vassdrag i Sunnhordland og nord i Rogaland etter pålegg frå Fiskeridirektoratet. Gjenfangsten i sjø fortsetter i utvida område, melder Fiskeridirektoratet.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Det er observert totalt 21 regnbogeaure i dei vassdraga som er overvaka. Så langt er fire fiskar teke ut ved harpunering og situasjonen vil bli fulgt opp med tanke på å ta ut fleire. Det er Rådgivende Biologer som utfører overvakinga og uttaket i vassdraga på oppdrag frå Sjøtroll Havbruk.

Følgjande vassdrag er omfatta av pålegget om overvaking og uttak:

Hordaland: Fjonselva, Etneelva, Melandselva og Ådlandsvassdraget

Rogaland: Svendsbøelva, Vikebygdelva, Vågselva, Oselva og Eidselva

Fiskeridirektoratet har også gitt pålegg til selskapet om å utvide gjenfangsten i sjø til området Bjoafjorden – Skånevikfjorden. Dette vart gjort etter at det kom inn meldingar om fangst av regnbogeaure utanfor Ålfjorden.

Fiskeridirektoratet fikk melding om rømminga i Ålfjorden 18. februar. Rundt 53 000 regnbogeaure har rømt, og det er gjenfanga rundt 25 000.

Sjøtroll Havbruk har oppretta mottaksstasjon ved Raunevågen i Sveio og betalar 50 kroner per fisk. Fiskeridirektoratet oppfordrar dei som fiskar om å levere inn fangsten.