Kenneth Brandal Plany

Plany lanserar nye hjelpemidlar mot lus

Utstyrsleverandøren lanserer tre ferske nyheiter for lusebekjempelse denne hausten. Rensefiskskjul, lusefilter og ventilert telt til settjefisk er alle nye produkt som dei har utvikla på etterspurnad  frå kundar.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Utstyrsleverandøren satsar på tareskjul for reinsefisk. Tareskjulen er blitt prøvd ut flere kundar og er no i sal.

Plany satser for fullt på tareskjul til rognkjeksen. Foto: Lars Elias Uksøy, Marine Harvest. 

- Norgestaren er laga av Foodgrade materiale noko som me meinar er fornuftig når ein produserer matfisk. Norgestaren liknar naturleg tare og passar ypperleg til rognkjeks, då den treng plass til å suge seg fast, fortel salgssjef Kenneth Brandal, i Plany til kyst.no.

Forrutan dei kundane som saman med selskapet har stått for uttesting og utvikling så har dei allereie selt tareskjul til fleire anlegg, opplysar selskapet.

Les også: Aqua Nor: Plany satser på semi lukkede anlegg

- Korleis har det fungert og kva slags testar har de hatt på utstyret? 

- Det ser ut til å fungere godt, det er viktig at reinsefisken får ein plass å kvile seg. Det er også viktig at denne plassen er der laksen står slik at det er kort veg til neste lakselus-måltid, seier han.

Erfaringane visar at dersom reinsefisken ikkje har gode nok skjul så trekkjer den eksempelvis ned i botnen av nota. Den står då i fare for å bli med dødfikshov eller lift up, som kan føre til at fisken døyr.

- Rognkjeksa er laga slik at dei symjer raskt, men i korte sekvensar. Den treng med andre ord regelmessig ein stad å kvile ut på. Denne staden må vera i nærleiken av laksen, seier Brandal til kyst.no.

Med sitt nye plastkar håpar selskapet at transport og lagring av presenningar vert enklare. Karet som rommar 6000 liter er utvikla spesielt for lagring og transport av presenningar brukt til lusebehandling i oppdrettsnæringa. Foto: Plany.

Satsar på lusefilter

Selskapet fekk for fire-fem månedar sidan ein forepørsel om dei kunne utvikle eit lusefilter som kundane trengte. Med utgangspunkt i kva kundane behøvde utvikla dei eit filter som kom på markedet etter ei lita prøvetid. 

- Bakgrunnen er som så ofte før, at ein brukar i dette tilfelle spurte om me kunne lage filter på prosessvatnet til sorteringsrista. Etter litt utvikling og tenkjearbeid, vart dei fyrste filtera produserte og testa ut i full skala. Det fyrste filteret reinsa vatnet under sortering av cirka 2500 tonn laks. Lusa som fell av i denne handteringa vart fanga opp i Planyfilteret og syklusen til den lusa stoppar der kan du sei. I staden for kanskje å finne seg ein ny vert.

Han seier at selskapet tilpassar lusefilteret etter mål og kor mykje vatn som skal gå gjennom dei.

- Kunsten er at store mengder vatn skal passere, men ikkje lusa, forklarar Brandal.

Selskapet har også produsert presenningstelt for lysstyring til alle typar oppdrettskar. Dei nye telta vert levert med ventilasjon, ny type reisverk og 100 prosent lystett duk.