Gå til innhold
Annonse

Ramsholmen vil etablera tareoppdrett nær Erko-anlegg

Ved konsesjonsområdet Klippenesvika vil Ramsholmen AS etablera taredrift. Lokaliteten ligg like utanfor Klippenesskjæra, sør for det eksisterande anlegget til Erko Seafood. Foto: Karl Fredrik Helgesen.
Ved konsesjonsområdet Klippenesvika vil Ramsholmen AS etablera taredrift. Lokaliteten ligg like utanfor Klippenesskjæra, sør for det eksisterande anlegget til Erko Seafood. Foto: Karl Fredrik Helgesen.

Ramsholmen AS vil etablera tareoppdrett. Tareanlegget er planlagt skal liggje tett på oppdrettselskapet Erko Seafood sin lokalitet i Solund kommune. 

Annonse

I ein søknad Kyst.no har fått innsyn i, søkjer Ramsholmen AS om løyve til etablering av lokalitet for produksjon av tare. Den omsøkte lokaliteten ligg cirka 250 meter frå Erko Seafood AS sin lokalitet Bjørnholmen, og omfattar eit areal på cirka 50 400 kvadratmeter. 

I søknaden fremgår det at lakselokaliteten er klarert for ein MTB på 4680 tonn, og at dei ventar at dyrking av plantar skal ta opp næringsstoff fræ lakseproduksjonen i naboanlegget.

- Vil utnytte ressursane

Daglig leiar Karl Fredrik (Kalle) Helgesen, seier Ramsholmen AS blei etablert for taredyrking, som eit grunnlag for å ivareta og utnytte ressursane.

Kart over Klippenesvika lokaliteten der Ramsholmen As vil etablera taredrift. Klikk for større bilete. Illustrasjon: Norgesatlas.
Kart over Klippenesvika lokaliteten der Ramsholmen As vil etablera taredrift. Klikk for større bilete. Illustrasjon: Norgesatlas.

- Kystlandbruket driv garden og eiendommen med strandlinje mot det omsøkte konsesjonsområdet. Villsauen beiter og vedlikeheld dei verdifulle og uerstattelege kystlyngheiene på land. Noregs økonomiske gullgruve har over det store og heile ikkje bidratt stort i å halde arven frå tidlegare generasjonar i hevd, seier Kalle til Kyst.no.

Han påpeikar at det vert skapt økonomiske verdiar over fatteevne frå olje og akvakultur som opprettheld velferdssamfunnet. Men det ivaretek ikkje den daglege drifta av kystlandskapet.

- Ramsholmen skal leveliggjere heilheita, og bidra til ivaretaking av arv, saman med kystlandbruket, legg han til. 

Ferskvare

Kalle seier at moglegheiten for eit fleirbruksbygg tilpassa akva og agrokultur få meter frå tarefeltet var avgjerande for satsinga og valg av konsesjonsområde.

- Tare er ein ferskvare, og utviklinga på land vil gjere den verdiøkande foredlinga mogleg berre minutt etter hausting. Eit avgjerande fortrinn når det kjem til tarekvalitet og kostnader ved handtering.

Uten aktivt å fronte etablering, sier Kalle at dei utelukkande har motteke positiv respons.

- Det er knytta mykje spenning og interesse til nyetableringa, legg han til.

I søknaden kjem det fram at “Lokaliteten for dyrking av vannlevende planter består av en hovedramme (rammefortøyning) som ligger 8 meter under overflaten. Flyterammen festes i hovedrammen og dyrking av vannlevende planter skjer innenfor flyterammen”. 

- Tare er ei ferskvare, og utviklinga på land vil gjere den verdiøkande foredlinga mogleg berre minutt etter hausting.

Karl Fredrik Helgesen, Ramsholmen AS.

- Omfattande prosess

Erko Seafood AS seier han er positive til utviklinga, og legg til at dei er og har vært ei god kjelde til kunnskap og kjennskap, gjennom erfaring og utstyr.

- Me skal saman sjå på ønsker og behov når det gjelde vidare utvikling.

Illustrasjonsbilete av tareanlegg. Foto: Linn Therese Skår Hosteland.
Illustrasjonsbilete av tareanlegg. Foto: Linn Therese Skår Hosteland.

Selskapet venter framleis på endelig konklusjon om dei får etablere anlegg. Kalle fortel det er ein omfattande prosess.

- Oppstart, etablering og forankring av akvakulturanlegg vil etter planen starte snarlig etter positiv konklusjon. Men det er allereie gjort kontinuerlige vurderingar på dimensjonar, løysingar og taretypar.

Kalle er for tida og engasjert i lignande prosjekt, og seier det er mykje lærdom som skal haustast.

- Som ein liten aktør, har ein i motsetning til kapitalsterke bedrifter, mindre rom for feiling. Det er spanande tider og mykje som skjer på området. Eg håpar at næringa får ei sunn vekstkurve, og at det er rom for mindre aktørar, som ønskjer å skape inntekt, næringsgrunnlag og sysselsetting i et lite lokalsamfunn, seier Kalle.

Barentswatch illustrasjon over Erko Seafood lokaliteten Bjørnholmen, som er like i nærleiken der Ramsholmen AS ynskjer å drifte taredrift ved Klippenesvika.
Barentswatch illustrasjon over Erko Seafood lokaliteten Bjørnholmen, som er like i nærleiken der Ramsholmen AS ynskjer å drifte taredrift ved Klippenesvika.