Gerhard Meidell Alsaker har stor grunn til å være fornøyd. Foto: Alsaker Fjordbruk.

Rekordresultat for Alsaker-konsern i 2016

Alsaker-konsernet, som er konsernselskapet til Alsaker Fjordbruk, fekk eit resultat før skatt på kroner 710 millionar i 2016. Med ein omsetnad på kr 1.757 millionar gir dette ein resultatmargin på 40,4 %, skriv selskapet.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Alsaker er eit vertikalintegrert oppdrettskonsern med produksjon av laks. Konsernet dreiv i 2016 5 smoltanlegg, 22 matfiskkonsesjonar og eit slakteri.

Produksjonen i konsernet skjer i 13 kommunar: Bømlo, Etne, Fusa, Kvam, Kvinnherad, Meland, Sveio og Tysnes i Hordaland, samt Haugesund (Røvær), Rennesøy, Suldal, Tysvær og Vindafjord i Rogaland.

I 2016 produserte konsernet 32.500 tonn laks, mot 31.500 tonn året før. Produksjonsmessig har 2016 vore eit heller svakt år for konsernet. Produksjonsvolumet gjekk likevel litt opp samanlikna med 2015, medan slaktevolumet var stabilt. Det er framleis mykje tilveksttap i samband med avlusing av laks.

Ved utgongen av 2016 var det 232 fast tilsette i konsernet. Konsernet har godt kvalifiserte og motiverte personar i alle ledd i organisasjonen. Den internasjonale marknaden for laks har vore prega av ein sterk etterspurnad også i 2016. Dette, kombinert med at det globale tilbodet av atlantisk laks blei redusert med 4 %, resulterte i at gjennomsnittleg pris på laks eksportert frå Norge auka med 36 % samanlikna med året før.

Konsernet har brukt over 125 millionar kroner i utviklings- og innovasjonsprosjekt i 2016.

Bokført eigenkapital i konsernet var ved utgongen av året på kr 1.031 millionar – noko som gir ein eigenkapitalandel på 52 %.