regnbueørret

Rømd regnbogeaure i fjordsystema i Hordaland

NJFF i Sotra og Øygraden melder at det truleg har skjedd ei ny rømming av regnbogeaure i området. Geir Martin Kvamme frå Fiskeridirektoratet, fortel at dei har fått meldingar om regnbogeaure i området over lengre tid.- Mykje står truleg at etter Nina-rømminga, seier Kvamme til kyst.no.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Måndag skreiv nestleiar i Sotra og Øygarden Jegar og Fiskeforening, Steinar Henningsen følgande:

"Det har sannsynligvis vert en ny rømming av regnbueørret, der det rapporteres fra både Askøy og Sotra. Det viktig å rapportere dette inn til Fylkesmannen og Fiskeridirektoratet i håp om finne ut hvor rømningen kommer fra. Send oss gjerne bilder og rapporter på siden vår også"

Usikker på omfanget

Henningsen fortel torsdag til kyst.no at han førebels ikkje har heile oversikta over situasjonen.

- Litt usikker på kor mykje som er fangsta men det var observert mykje fisk på eit lite område. Dette var observert frå land i Arefjordspollen, så er litt usikker på omfanget, fortel han.

Han opplyser at han til helga sjølv skal  ta seg ein tur i området for å få eit overblikk over det som er observert.

- Storleiken på fisken skal være opp mot fire kilo. Dette er same stad som det samla seg fisk etter stormen Nina. Det tok riktig nok litt tid før den kom der til, poengterer han.

- Ikkje motteke melding

Kvamme fortel at direktoratet ikkje har motteke noko ny melding om rømd regnbogeaure i området.

- Me har fått sporadiske meldingar om regnbogeaure i både Herdlafjorden og Hjeltefjorden over lengre tid. Fisken som er teke og observert er i storleiken 2-7 kilo, så det er store forskjellar på fisken, opplyser Kvamme.

Tidelegare har direktoratet meld om rekordstor gjenfangst etter Nina-rømminga, men Kvamme trur at mykje av fisken som observerast stammar frå nettopp den rømminga.

Les også: 90 prosent gjenfangst etter rømming av regnbueørret

- Ein kan likevel ikkje utelukke at det er nye rømmingar, men me har ikkje fått melding om det. Når storleiken varierer slik er det og ei vanskeleg sak. Fisken som er i slaktestorleik kan eksempelvis og ha blitt slakta ut, og kan ikkje sporast, legg han til.

Han viser til at enkelte rømmingar kan skje utan at oppdrettaren veit det, og fortel at direktoratet så langt ikkje har motteke fisk for analyse.

- Kondisjonsfaktor og lus kan vere indikatorar på at fisken er nyrømd. Om fisken ikkje ser bra ut kan det og vere teikn på at den er kjønnsmoden, noko me og har fått melding om. Me brukar skjellanalyse for å gi ein indikasjon på om fisken er nyrømd og kvar den kjem frå men har ikkje gjennomført slike nyleg, informerar Kvamme.