Sven Helge Pedersen frå Hardangerfjord Villfisklag har i ei årrekke jobba for å beholde genetikken til villfisken i Hardanger, Foto: Therese Soltveit.

Sår tvil om motiv bak oppdrettsfinansiert elveovervåking

Sven-Helge Pedersen frå Hardangerfjord Villfisklag meiner lakseindustrien gjennom å finansiere elveforskning viser “trong til å skape sitt eige verdsbilete”, og forsøker på “privatisering av forvaltinga av felles ressursar”.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Det kjem fram i eit lesarinnlegg i avisa Hordaland. Utspelet kjem etter Skandinavisk Naturovervåking AS, publiserte ein elveovervåkingsrapport fra 2017, der dei har filma tusenvis av fisk i Granvinselva, som ifølgje avisa Hordaland (krev innlogg), nærmast har vore rekna som fisketom.

I rapporten kjem det fram at det vart registrert 4087 sjøaurar og 87 laks på veg opp i vassdraget i fjor. Dette tyder ifølgje forskarane på at det ikkje er ein unormal låg produksjon i vassdraget, eller unormal låg overleving i sjø for både laks og sjøaure, slik det blei framstilt under ein av episodane av serien «den fantastiske villaksen», som vart sendt på NRK førre månad.

Ut frå kamerabileta har forskarane og vurdert kor mykje lakselus som var på 44 prosent av fisken som vart filma. Her kjem forskarane fram til at mengda lus på fisken var låg samanlikna med andre overvaka vassdrag.

- Ingen nye svar

Til tross for at rapporten dokumenterar villfisk i elva er Pedersen ikkje imponert over funna.

- Lat oss med ein gong slå fast at rapporten frå Skandinavisk Naturovervåking AS gjev oss ingen nye svar. Resultatet er derimot ei stadfesting av den negative trenden ein har sett gjennom år. Om lag 800 gytefiskar av sjøaure har passert kameraet i løpet av sesongen frå mai til oktober, skriv han.

Funna meinar han er innanfor normalen. Samstundes påpeikar han at sjøauren er svært eksponert for påverknad av lakselus frå det intensive lakseoppdrettet i Hardanger-fjordsystemet.

- Ein påverknad som tidleg 1990-talet og utover førde til ein dramatiske knekk i bestandane. Dette faktumet unngår rapporten å drøfta når ein gjer forsøk på å finna forklaringa på den historiske utviklinga.

- Fornekting og bortforklaring

Sjølv om inntrykket av at lusetrykket år om anna har blitt mindre dei seinare åra, skriv han dette ikkje har vore nok til at bestandane har klart å ta seg opp att.

- Talet laks som er observert er også bekymringsfullt. Ikkje minst når ein òg veit at laksen har vore freda i over to tiår. Ei bekymring ein òg må sjå i samanheng med påverknad av lakselus og rømd oppdrettsfisk. Trass mange år med stor lokal innsats med uttak av rømd industrifisk, erfarer ein at minst 50 prosent av den fisken ein i dag finn på gyteplassane anten er eller er sterkt påverka av fisk frå oppdrettsindustrien.

I innlegget påpeikar Pedersen av forskninga er finansiert av Lingalaks og Tombre Gruppa, og at saka rundt rapporten fra Skandinavisk Naturovervåking AS, eigentleg dreier seg om å fornekting og bortforklaring av forskning på tema frå andre forskingsmiljø.

- Fordi dei ikkje passar næringsaktørar med vekstambisjonar. Difor ser ein behovet for å skapa si eiga verkelegheit, bidra til forsking som gjev «kunnskap som er mest mogleg sann». Me har sett andre næringar i same situasjonen der òg målet er å endra fokus, bortforklara eller å bagatellisera konsekvens av eigen påverknad.

- Privatiseringa av forvaltinga av våre felles ressursar og allmenningen fjorden, er med dette i ferd med å ta nye steg i feil retning. Det er det denne saka eigentleg gjeld, meinar Pedersen.

Kyst.no har spurt Pedesen om me kunne publisere innlegget hans som eit innlegg på Kyst.no. Det fekk me ikkje lov til.

- Nei takk, det ser eg ikkje noko grunn til, skriv han i ein SMS.

Heile innlegget kan ein difor lese hjå avisa Hordaland.