Øyvind Kråkas, Salmon Group. Foto: Therese Soltveit

Salmon Group positive til den nye ordninga

Salmon Group er positive til den nye ordninga med utviklingskonsesjonar. - Ein håpar at dette skal bli ei god handsrekning for driftige innovatørar, meldar dei.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

- Vi har etterlyst ei slik ordning tidlegare, og føler at me no har blitt høyrde, uttaler informasjonsansvarleg Øyvind Kråkås, på Salmon Group sin nettstad.

Nettverket fekk hand om tre av dei grøne konsesjonane i gruppe C, kategorien med dei strengaste miljøkrava. Desse prosjekta er sovidt komne i drift, då den endelege ankehandsaminga først var avslutta i september i år, skriv dei.

- Dei grøne konsesjonane bygde og på tanken om å stimulere til teknologiutvikling, men tildelinga vart for komplisert. For mange og uklåre kriterie låg til grunn. Dessutan vart dei lanserte som ein produksjonsvekst, noko som sette dei i ein feil kontekst, seier Kråkås.

Salmon Group sine aksjonærar er i dag primusmotor for utviklinga av luselaseren frå Stingray, fleire typar lukka anlegg og avlusing med andre ikkje-medikamentelle metodar. No håpar ein at fleire skal få teke i bruk godt prosjekterte idear.

- Me veit at mange sit med spanande planar for ny teknlogi, me kjem til å oppmode dei til å søkje utviklingskonsesjonar, seier Kråkas.