Samarbeidar mot PD i Finnmark

PD-utbrot på anlegget til Grieg Seafood i Korsfjord i Finnmark har gjeve store tap. No samarbeidar selskapet med Mattilsynet for å hindre spreiing av sjukdomen til andre anlegg i regionen og fylket.

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit For Grieg Seafood har utbrot av pancreas disease (PD) i Korsfjorden gjeve eit tap av omlag 120.000 laks. No har selskapet i samarbeid med Mattilsynet bestemt at lokaliteten skal brakkleggast etter at fisken er slakta ut. Dette skal skje innan utgangen av 2007. Prøver å hindre spreiing Fiskehelsebiolog Berit Seljestokken ved Mattilsynet sitt kontor i Alta kjenner til tre utbrot av PD i Finnmark. Det første var på Altafjord Oppdrett sitt anlegg i Altafjorden sommaren 2005. Etter den tid har Grieg Seafood, tidlegare Volden Group, fått påvist sjukdomen på ein lokalitet i Øksfjord i 2006 og ein lokalitet i Korsfjord i 2007. -Vi arbeidar hardt for å hindre spreiing av sjukdomen i Finnmark og på lokaliteten i Øksfjord har det ikkje vore fleire utbrot. No skal lokaliteten i Korsfjorden også brakkleggast, og vi håpar indreleg at arbeidet gjev resultat, seier Seljestokken til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no. PD som B-sjukdom Seljestokken trur at vedtaket om omklassifisering av PD frå C-sjukdom til B-sjukdom som vert iverksett i desse dagar kan vere viktig i arbeidet for å hindre ei storstilt spreiing av sjukdomen til Nord Noreg. -Ei omklassifisering av sjukdomen gjer den meldepliktig. Det vil igjen gi oversikt over alle utbrot langs kysten, og mellom anna gjere det mogeleg å planlegge transportruter for smolt for å unngå områder med utbrot, seier Seljestokken til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no.